- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
172

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Femte vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 172 -—

Femte vending.

Løda bak Nikita-garden. Til høgre truskelaaven, døri
stend opi. Midt paa romet ligg ein avlang halmstakk. I
bakgrunnen ser ein huset og garden; der inne høyrer ein av
og til song og ringling med bjøllor.

(Tvo gjentor).

Fyrste gjenta. Kan du no sjaa me naadde
hit utan aa svina skorne altfor fælt til? Etter
vegen hadde me aldri sloppe igjenom; han ligg
daa i eit skitdike, issa! (dei stansar og turkar av skorne
i halmen). Men kveil er dette? (luter seg framover
halmdungen).

Andre gjenta (slik sing). Aa, det er daa
Mitritsch, drengen i huset. Det er daa svært kor
han hev drukke seg full!

Fyrste gjenta. Men han drakk daa slett
ikkje, det eg veit.

Andre gjenta. Nei det viser det! So lenge
ingen baud han noko; men so kunne han nok
ta fyre seg av varorne.

Fyrste gjenta. Sjaa berre! Han hev kome
her ut etter halm — der ligg han enno med
reipet i handi; men so hev han stupna og sovna.

Andre gjenta (lyer til røyster fraa huset). Høyr!
Dei syng enno der inne. So hev vei brudi ikkje
fenge signing endaa. Akulina hylte nok elles slett
ikkje, seier dei.*)

*) Det var skikk i Rusland, at brudi grét (hylte) naar ho tok
avskil med sin gjentestand. Og grét ho ikkje, tydde
det, at ho vart gift mot sin vilje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free