- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
177

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Femte vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 177 -—

hadde laga meg ei regtigt god lykkje, skulde eg
kravla uppaa bjelken, smetta hovudet inn i lykkja,
og — godnatt! Soleis er det liv eg liver.

Marina. Vaarherre hjelpe deg — kva er no
slikt for snakk?!

Nikita. Du trur eg gjøner? Du trur, eg er
full? Men eg er ikkje full. I den siste tid kan
eg ikkje verta full desmeir. Det er sorgi, sorgi
som fortærer meg. Ho hev teke so paa meg, at
eg hev vorte lei og kjei av livet. Aa, kjære
Marina, den einaste tid eg kan seia eg hev livt,
det var den gongen saman med deg, der ved
jarnvegen. Minnest du dei ljose næterne? . . .

Marina. Riv ikkje uppatt det gamle saaret,
Nikita. Eg er gift og du med. Mi synd er meg
tilgivi, og lat oss so ikkje røra meir ved det.

Nikita. Kva skal eg hugga mitt hjarta med?
Kvar skal eg gjera av meg ?

Marina. Kva du skal gjera ? Du hev daa
ei kone; so traa daa ikkje etter andre sine, men
pass paa den du hev. Hev du eingong skjenkt
Anisja ditt hjarta, so lat henne ha det.

Nikita. Aa, denne Anisja ... ho er meg
so beisk som malurt. Ho hev spunne meg inn
som ei kongrov i garnet sitt.

Marina. Ja kor ho no er, so er ho daa
kona di . . . Men kva er dette aa røe um! Gakk
du helder inn til gj esterne dine og send mannen
min her ut.

Leo Tolstoi.

12

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0183.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free