- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
179

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Femte vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 179 —

domen over meg! (kastar seg aagruve). Kvar skal eg
gjera av meg? Giv eg kunne søkka i jordi her
eg ligg!

Anjutka (fær auga paa Nikita og spring burt til han).
Far, vesle far! Dei leitar etter deg. Alle dei
andre hev signa brudi. Gudfar med, hjelpe meg!
Kom no inn, elles vert dei vonde.

Nikita (for seg sjølv). Kvar skal eg løyna meg?
Anjutka. Kva? Kva seier du?
Nikita. Eg ? Eg seier ingen ting. Kva er
paa tids med deg?

Anjutka. Far! kom no! — (^reg han i handi).
Kom no inn og sign brudfolket. Du kan tru
meg naar eg seier det: dei er harme og brukar
munn for at du ikkje kjem.

Nikita (riv handi til seg). Lat meg vera!
AjijiLtka. Men kva er no det for noko?
Nikita (trugar til henne med reipet). Gakk din veg,
seier eg. Eg skal gi deg!

Anjutka. Ja, so sender eg mor her ut (spring).
Nikita (reiser seg). Kor skal eg kunne gaa inn ?
Kor skal eg kunne ta heilagbilætet i mi hand ?
Kor skal eg kunne sjaa henne i auga? (legg seg
att). Aa, giv der var eit hol i jordi her eg ligg,
so eg kunne søkka ned i det! So var der ingen
som saag meg, og sjølv slapp eg sjaa nokon,
(reiser seg upp). Nei, eg gjeng ikkje inn — fanden
ivald med dei! — Eg gjeng ikkje, (dreg skorne av
seg og slær ei lykkje paa reipet som han kastar um halsen sin).

So skal det vera.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0185.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free