- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
183

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Femte vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— I83 —

slikt bryllaup. So fint og vakkert som alt er
stelt. Kom no upp og lat oss fyljast aat . . .
Um eg hev drokke litegrand, so skal eg daa nok
vera kone for aa faa deg inn. (tek han i handi).

Nikita (riv handi til seg). Gakk aaleine. Eg skal
nok koma.

Anisja. Kva set du deg paa bakbeini etter?
Me hev no fenge ein ende paa alt vondt; tausi
er me kvitt, og me hev ikkje anna aa gjera no
en aa gleda oss ved livet. Alting er i sin gode
orden, lovlegt og med ære! Eg er so glad, so
glad, at eg aldri kan seia det. Det er nett som
eg skulde ha gift meg med deg for andre
gongen. Og kor gjesterne likar seg, — Gud fader
bevars! Allesaman takkar dei, og rett pene
gjester er det. Der er baade Ivan Moseitch og hr.
gendarmen. Dei hev daa og fenge sine lovtalar.

Nikita. So skulde du ha vore imak inne.
Kva kjem du her ut etter?

Anisja. Ja, det er paa tide eg kjem meg
innatt. Det er ikkje folkom likt at verten og
vertinna gjeng burt og læt gjesterne vera aaleine.
Og slike pene gjester som det er, allesaman.

Nikita (reiser seg upp og plukkar halmen av seg).

Gakk no; eg kjem strakst.

Matrøna. Oho! Eg ser, at den gauken som
gjæl um notti, gjeld meir en den som gjæl um
dagen. Han vilde kje høyra paa meg, men kona
lystra han strakst. — Naa, kjem du so?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free