- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
198

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 198 -—

Skomakaren var no komen fram til den vesle
kyrkja som stod der ved vegsvingen, og daa han
gløste upp, timde han noko kvitt attum den eine
kyrkjenovi. Han saag betre etter, men det var
alt so skymt, at han kunne kje verta klok paa
kva det var han saag. Ein stein kunne det ikkje
vera, han maatte isofall ha set den um morgonen
daa han gjekk langsmed. Helder ikkje var det
likt til hest elder ku. Ein skulde helst tru det
var eit menneskje. Men nei. Det kvite han saag
kunne daa ikkje vera eit menneskje. Og kva
skulde eit menneskje her paa denne dagsens tid.

Som han gjekk i desse tankar, var
skomakaren komen heilt upp til kyrkja. Men det var
daa underlegt! Det var mi sann eit menneskje
som sat splinter nake og studde seg upp til veggen
utan aa røra paa seg. Tru han er livande elder
daud ? Det gjekk kaldt gjenom skomakaren, og
han tenkte: «Der hev dei slege ihel eit
menneskje, teke klædi av han og late han liggja her.
Gjekk ein burt til han no, kunne ein faa so mykje
aa svara for, at ein naudt kunne greia seg ifraa det.»

Skomakaren gjekk framum, svinga um kyrkja
og miste mannen avsyne. Men daa han hadde
gjenge litt, kunne han ikkje dy seg, men snudde
um, og saag no kor mannen hadde rett paa seg,
og liksom glodde etter noko. Og hadde kje
skomakaren vore rædd fyrr, so vart han det no.
«Skal ein snu, elder gaa vidare?» spurde han
seg sjølv. «Snur ein, kan ein gjerne koma gale

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0204.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free