- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
204

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - III

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 204 -—



tenkte ho. Men det var endaa ikkje det verste.
Daa ho saag at han ingi kaape hadde, men berre
kufta, ingen ting hadde med seg og berre stod
der og ikkje visste kva han skulde seia, vart ho
harm til gagns. «Der hev han drokke upp alle
pengarne», tenkte ho, «sjaua og tura med denne
landstrukaren og dreg han so attpaa med seg
heim!»

Ho rudde plass og bad dei inn i stova; sjølv
fylgde ho etter og gav seg til aa skoda paa
framandkaren. Det var ein bleik og mager ung
mann. Kufta han hadde paa seg var deira; han
var berrhovda og hadde ingi skjorte under kufta.
Han stod paa ein stad og rørde seg ikkje av
flekken. «Det maa kje vera noko godt menneskje,
di han han er so rædd», tenkte Matrøna, gav seg
sur og vond burt til omnen, og venta paa kva
som so skulde koma.

Semjon tok huva av seg og sette seg
audmjuk paa benken.

— No, Matrøna, seier han, læt du oss ikkje
faa noko aa eta?

Matrøna mumla noko millom tennerne, men
rørde seg ikkje av flekken, og saag snart paa den
eine, snart paa den andre, og riste paa hovudet.
Semjon saag nok at kona var ute av seg, men
det var ingi raad med det; ein fekk læst som ein
ikkje merka det. Han tok framandkaren i handi.

— Set deg ned, go ven, sa han, so skal me
eta til kvelds.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0210.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free