- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
209

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - IV

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 209 -

og bad meg fylgja med heim. Her hev du no
gjeve meg baade mat og drykk og havt medynk
med meg. Gud løne dykk for det.

Matrøna reiste seg og gjekk burt til glaset
der ho hadde lagt den gamle skjorta ho bøtte
paa, daa dei kom. Den tok ho og gav
framandkaren. Med det same leitte ho fram ei gamal
lereftsbrok som ho gav han.

— Der, sa ho; — eg ser du hev ikkje skjorte
paa kroppen dihelder. Tak paa deg denne, og
legg deg so kvar du best vil, paa benken elder
paa omnen.

Framandkaren tok kaapa av, drog skjorta
paa, og la seg paa benken. Matrøna tok kaapa,
sløkte ljoset og la seg burt til mannen. Ho drog
ein snipp av kaapa over seg, men laag lenge i
svevnløysa. Ho kunne kje faa framandkaren ut or
tankar.

Naar ho kjem ihug at han hev ete siste
braudskalken dei hadde, og at der til imorgo ikkje
bid mat i hus, vert ho vanmoda og ute av seg;
men naar ho kjem ihug kor han smilte til henne,
hoppar hjarta i livet paa henne av giede.

Matrøna laag enno lenge og kunne kje faa
sova. Ho merkar at Semjon helder ikkje søv,
men ligg og dreg kaapa til seg.

— Semjon!

— Kva vil du?

Me hev ete siste braudskalken me hadde, og
eg hev enno ikkje sett deig. Eg veit ikkje kva

Leo Tolstoi. 14

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0215.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free