- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
214

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - VI

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 214 -

velpar som kan vara eit heilt aar og korkje verta
skjeive elder gaa upp i saumarne. Kan du ta
paa deg dette, so tak lederet og skjer det til,
kviss ikkje, so seg nei, og lat det vera som det
er. Eg seier deg fyreaat: gjeng styvlarne upp i
saumen elder vert skjeive fyrr aaret er ute, so
sender eg deg i holet; men held dei, so skal du
faa io rublar for arbeidet.

Semjon hadde reint mist modet, og visste
lite kva han skulde svara. Han saag paa Mikael
og spurde:

— Skal me ta det paa oss?

Mikael nikka som vilde han seia: berre ta dei.

Semjon so gjorde.

Herremannen ropte til kusken at han skulde
draga av vinstre styvelet; daa det var gjort heldt
han foten fram og brølte: — Tak maal!

Semjon tok ei lang papirremse, brigde ho
saman, turka fingrarne godt paa fangskinnet so han
ikkje skulde skjemma dei fine hosorne aat
herremannen, la seg paa kne og tok maal. Han mælte
lengdi og over risti, men daa han kom til leggen
var papiret for stutt. Leggen var so tjukk som
ein bjelke.

— Sjaa til at du ikkje gjer dei for smale!
ropte herremannen.

Semjon maatte feste ein papirstrimmel til paa
den han hadde, skulde han naa kring leggen.
Medan sat herremannen og vrikka med tærne i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0220.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free