- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
215

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - VI

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 215 -—

sokkarne og saag seg rundt i stova; han kom daa
til aa sjaa Mikael.

— Kven er det? spurde han.

— Han der? det er han som skal sauma
styvlarne, svara Semjon.

— Sjaa til daa, sa herremannen til Mikael,
at du saumar dei so at dei kan vara aaret ut.

Semjon snudde seg mot Mikael og saag kor
denne sat og stirde paa herremannen, utan rett
aa sjaa paa han, daa det helder var stovekraai
paa den andre sida han saag paa, plent som der
skulde vera noko rart. Best som han sat slik og
stirde gav han seg til aa smila, og vart so ljos
over heile sitt andlit.

— Kva sit du der og grin etter, din faaming!
Sjaa helder til du kan faa styvlarne istand som
eg hev sagt.

— Styvlarne skal verta ferdige i rett tid.

— Lat meg sjaa daa, sa herremannen og tok
styvlarne paa seg.

Kusken hjelpte han med pelsen, og so bar
det til dørs. Men daa han gjekk um døri,
gløymde han aa luta seg og rende skallen mot
dørkarmen. Han banna og skjende, og gnika
skallen med loven, gjekk so ut og sette seg i
sle-devogni.

Daa han var burte sa Semjon:

— Han hev ein skalle som ein flintstein. Um
ein slo til han med ei stuteklubbe, so neimen um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0221.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free