- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
217

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - VII

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 217 -

middagsleite reiste Semjon seg, og saag no at
Mikael hadde saumt eit par liksko.*)

Semjon hadde nær mist baade munn og nase.
«Men kva er det, tenkte han, no hev Mikael
arbeidt eit heilt aar aat meg og aldri forset seg,
og so gjeng han no av og gjer eit slikt spikk!
Herremannen vilde ha seg eit par sterke styvlar,
og han hev saumt liksko og øydelagt emnet. Kva
skal eg no gjera? Slikt leder bid ikkje i
handelen».

— Kva er det du der hev gjort, din kloking.
Du hev gjort meg ei stygg uskjel. Herremannen
vilde ha styvlar, og kva hev du laga?

Best som Semjon skulde til aa gi Mikael ei
skrape, dundra det paa døri. Daa dei glytte
ut-gjenom glaset, saag dei at det stod ein mann ute
og batt hesten sin. Døri vart opna, og inn steig
den som sist hadde fylgt herremannen.

— God ag!

— Godag! Kva godt?

— Det var dei styvlarne.

— Skulde du høyra um dei var ferdige?

— Nei, herren min treng ikkje styvlar meir.
Han er avliden.

— Kva seier du ?

— Han naadde kje heim, dihelder. Han
døydde paa vegen. Daa eg kom heim og skulde

*) I Rusland pla dei grava liki ned med klredi paa; skorne
gjer dei daa helst av eit billegare slag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0223.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free