- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
218

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - VII - VIII

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 218 —

opna vogndøri, laag han daud som ei sild. Me
hadde so nær ikkje fenge han ut. Frua sende
meg no hit med denne bod: «Seg til
skomakaren, at der hev vore ein herremann med noko
leder til eit styvlepar. Seg, at no kan det vera
det same med styvlarne, og lat han istaden gjera
eit par liksko. Vent so til du fær dei med det
same». Det var bodi, og her er eg.

Mikael samla restarne av lederet og tulla det
saman i ein rull; tok so dei ferdige likskorne
smikka dei mot kvarandre, turka av dei med
fang-skinnet, og sende dei til kusken.

— Farvel, godt folk! sa denne, tok skorne
og gjekk.

VIII.

Det gjekk eit par aar. Mikael hadde alt
vore hjaa Semjon paa sette aaret; men han var
støtt den same. Han gjekk ingen stad, tala lite
og hadde i all denne tid berre smilt tvo gonger:
den gongen Matrøna gav han kveldsmat, og daa
herremannen var der. Semjon var gild av
sveinen sin. Han spurde no aldri meir etter kvar
han var fraa, og var berre rædd ein ting: at
Mikael skulde struka fraa han.

Ein dag sat Semjon og Mikael som vanleg
og arbeidde kvar ved sitt glas, Matrøna stelte
med omnen og baansungarne sprang og leika seg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0224.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free