- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
220

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - VIII

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 220 -—

f

yrr; men det gjer ingen ting. Mikael skal nok
vera mann for aa greia det verket.

Med desse ord snudde Semjon seg til Mikael
som hadde lagt arbeidet ifraa seg og sat stirde
paa smaagjentorne. Semjon undra seg over dette.
Det var nok eit par velsigna søte smaagjentor,
og nett klædde var dei, men Semjon kunne daa
ikkje skyna, kvi Mikael sat og einstirde paa dei
plent som han skulde kjenna dei.

Semjon gav seg i snakk med kona, og daa
dei var komne tilliks um prisen og han skulde
til at ta maal, tok kona den halte gjenta paa
fanget og sa:

— Tak du berre tvo maal av denne her, og
gjer ein sko til den kleine foten og tri til den
friske. Dei hev jamstore føter; det er tvillingar.

Semjon tok maal, saag paa den halte gjenta
og sa:

— Kor bar det til at ho vart halt, den vesle
vakre gjenta? Elder hev ho havt det fraa
morsliv av?

— Nej, det var moderi som laag henne
forderva.

Matrøna vart no nyfiki etter aa faa vita
kven kona var, og kven som var mor til
gjente-baani, so ho la seg uppi samrøa.

— Er ikkje du mor deira daa?

— Nei, kross, eg er korkje mor til dei elder
skyld dei. Det er framandfolks baan som eg
hev teke til meg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0226.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free