- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
221

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - VIII - IX

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 221 -.

— Framandfolks baan! Og so er du so glad
i dei!

— Ja, kvi anna? Eg hev sjølv ale dei. Mitt
eiget baan hev Vaarherre teke; men eg var ikkje
gladare i det en i desse.

— Men kven høyrer dei til daa?

IX.

Kona som no hadde fenge munnen paa los
gav seg til aa fortelja:

Det er vei no ei seks aar sidan. Paa ei og
same vike vart desse tvo foreldrelause. Faderen
vart jorda tysdagen, og fredagen døydde moderi.
Eg var nett gift den gongen og mannen min
hadde ein liten bondegård like ved. Me var
grannar og lyddest um kvarandre dagstødt. Faderen
var timmerhoggar. So hende det ein dag at han
feilte eit tre nedover seg. Det var so vidt dei
fekk han heim fyrr han slokna; og same vika
fekk kona tvillingar, desse tvo smaa de her ser.
Det var berre armod i huset, og den stakkars
kona hadde kje eit menneskje til aa hjelpa seg.
Aaleine var ho daa baani kom, og aaleine var
ho daa ho døydde. Um morgonen daa eg kom
inn og vilde sjaa til henne, laag ho kald og stiv.
I dødsstriden hadde ho lagt seg over den eine
gjentungen — ho her — og vunde foten skjeiv.
Huset vart snart fullt av folk, liket vart vaska

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0227.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free