- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
227

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - XI

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med seg sjølv. Det var den fyrste menneskja eg
saag sidan eg vart menneskje, og eg vart so rædd
at eg snudde meg burt. Daa høyrer eg kor
denne mannen talar med seg sjølv um kor han
skal faa mat og klæde til vinteren aat seg og
baani. Daa eg høyrde han tala soleis tenkte eg:

«Eg umkjemst av svolt og frost, og her kjem
eit menneskje som ikkje tenkjer paa anna en kor
han skal kunne skaffa mat og klæde til huslyden
sin. Han kan daa ikkje hjelpa meg». — I det
same fekk han auga paa meg, hyrpte paa
augne-bryni og gjekk vidare. Daa vart eg rædd. Best
det er høyrer eg han snur. Eg saag upp og
kunne kje kjenna han att. Fyrr var det dauden
eg saag i han, no hadde han vorte til eit livande
menneskje, og eg kjende Gud i han. Han klædde
meg og tok meg med heim. Daa me naadde
huset kom eit kvende imot oss og tala til oss.
Ho var endaa styggare aa sjaa til en mannen hadde
vore; kvart ord stod det daudesnik av, og eg
hadde nær kovna av liklukti som fyllte stova.
Ho vilde ha jaga meg ut i kulden, og eg visste
at ho vilde døy um ho gjorde det ... So minte
mannen henne um Gud, og med eit vart ho som
umskapt. Daa ho sette kvelsmaten fram aat oss
og sjølv sat og saag paa meg, var det ikkje
dauden eg saag lenger; ho hadde vorte livande, og
eg kjende Gud i henne.

Eg kom ihug det fyrste Gudsordet: «Du skal
røyna kva det bur i folk». Eg hadde røynt at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0233.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free