- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
229

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - XI - XII

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 235

framandt kvende ale dei ved sin eigen barm».
Eg saag taarorne hennar og kor vyrk ho var for
annamans baan, daa saag eg med det same at
Gud var livande i henne, og forstod kva det er
som held folk i live. Eg skyna at Gud hadde
synt meg det tridje og siste ordet, og eg smilte
tridje gongen.

XII.

Mikael stod der no som ein engel, og det
skein av han so augo knapt kunne tola aa sjaa
paa han, og han tok til ords med eit mæle
plent som ei røyst fraa himmelen:

— Eg hev røynt, at det som held folk ilive,
det er ikkje sut for seg sjølv, men kjærleik til
medmenneskja.

Det var ikkje moderi give aa vita kva som
bata baani hennar best. Det var ikkje den rike
mannen give aa vita kva som tente han best.
Og det er ingi menneskja give aa vita, um det
er styvlar til ein livande, elder liksko til ein
avliden, som fyrst trengst.

Heldt eg livet uppe med’ eg var menneskje,
so var det ikkje avdi eg sytte for meg sjølv,
men avdi det var hjartelag i den framande
mannen, og avdi kona hans hadde medynk med
meg og huglagde meg. Heldt dei foreldrelause livet
uppe, so var det ikkje avdi bøndrane sytte for
dei, men avdi det var hjartevarme i det framande

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0235.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free