- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
237

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ilias

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 237 —

all denne tid hev me leitt etter lukka og ikkje
funne ho. Fyrst i dei siste tvo aari, sidan me
vart fatige og gjeng her som tenarar paa garden,
hev me vorte so lukkelege at me lean ikkje ynskja
oss ein betre lagnad.»

Gjesterne saag paa kvarandre. Det svaret
hadde dei nok ikkje venta.

«De maa ikkje tru at dette ikkje er aalvoret
mitt,» heldt ho ved. «No fyrst veit me kva
lukke er.»

«Kva vil so det seia daa,» spurde gjesten.

«Jau, no skal du berre høyra. Daa me var
rike hadde eg og kallen min ikkje ein times fred
— korkje til aa tala saman elder til aa tenkja
paa Gud og sjæli vaar. Me hadde so mykje
anna aa tenkja paa.

Snart var det framandfolk som kom, og daa
laut dei skjenkast, so me ikkje skulde høyra ilt
for det etterpaa. Og naar dei var reiste hadde
me tenestfolki aa sjaa til. Me maatte daa passa
paa so dei ikkje gjorde for lite elder aat for mykje.
Alt dette var stor synd. So var det anket for
vargen at han skulde bita lambi elder kalvarne
forderva. La me oss um kvelden so fekk me
ikkje sova, slik otte hadde me for at sauerne
skulde liggja dei smaa lambi ihel, og me kunne
staa upp midt paa natti og gaa ut og sjaa etter.

Og ikkje nok med det. Eg og kallen livde
stødt i ufred med kvarandre. Han sa, slik skal

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0243.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free