- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
238

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ilias

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 23s —

det vera. Men eg vilde ha det anleis. Og so
vart det trætte. Synd paa synd.

Paa denne maaten vart det ikkje til anna en
sorg og synd med altihop, og me visste ikkje
avlukke aa seia.»

«Men no daa?»

«No stend eg upp ilag med mannen min.
Me er altid vener og væl forlikte, for me hev
ikkje noko me kan verta usamde um.

Det einaste me hev aa tenkja paa er aa
gjera husbonden vaar tillags. Me arbeider og
strævar so godt me kan, for at han ikkje skal
ha noko tap for vaar skuld. Naar me kjem
heim or marki stend matmaalet ferdigt og bidar
paa oss, og kanskje ein dram attaat. Er det kaldt
i veret so er det ein dugeleg varme paa gruva,
og skal me ut, so fær me ein drusteleg
sauskins-pels paa oss.

No hev me stunder til aa tala med
kvarandre, og tenkja paa Gud og sjæli vaar. I femti
aar hev me leitt etter lukka, og ikkje funne ho
fy r r no.»

Alle gjesterne so mange der var, sette i
aa læ.

Men Ilias sa:

«De skulde kje læ, brørne mine. Kona mi
hev rett. Slik er mannalivet. Me var nokre store
faamingar som gret for at me misste rikdomen vaar.

No hev Gud late upp augo vaare, so me ser.
De maa ikkje tru det er for vaar eigi skuld me

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0244.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free