- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
8

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

8
han kom inn i dei dansk-norske kulturheimane. Han sa t. d. um seg sjølv:
Eg er berre ein simpel bonde diverre: ein mann med simpelt mål, simple
klæde og simpel handtering. For bonden med dette synet galdt det då
sjølvsagt å kasta sitt eige og apa etter det framande so godt han kunde.
Ogso ungdomen vart i stor mun smitta tå dette. — Skulde ein bondeung
dom koma seg fram og bli ein vyrd mann, laut han ut frå bondelivet,
trudde han. Leggja av sitt eige mål og sine eigne nedervde skikkar. Han
laut umskapa seg; han skyna ikkje at han då vart berre ei uheil halvhempe.
I slutten av den svenske unionstida var det likevel mange bondeungdo
mar som tok til å vakna. Ungdomsskulane og då serleg høgskulane vekte
mange, so dei kom heimatt og brann for heilt norsk sjølvstende politisk
og kulturelt. Men diverre fann dei tidast ungdomen ikring seg dauvøyrd og
likesæl for slike høgmål. Ein hadde nok lese i bøkene, at det norske
folket var millom dei mest upplyste. Men det måtte vera skrøyt, totte me.
Ein i det heile medviten åndsvaken ungdom hadde me ikkje.
Folkeskulen makta ikkje å gjeva bondeungdomen den åndskveik og
det yversyn han laut ha, um han skulde vera med i striden for heilt sjølv
stende og sjølv taka den politiske førarskapen i landet.
Serleg den kulturelle sjølvstendekjensla låg enno i svime, som prinsessa
i eventyret.
Enno rådde danemålet i mesteparten tå skulane vare. Borna vart inn
piska i det framande målet so lenge, til dei totte deira eige mål var sim
pelt og stygt. Dermed totte dei at alt deira eige var simpelt.
Men endeleg tok då den vakne bondeungdomen til å harmast yver
slik vesaldom. Han såg at folket vårt åtte evnone og det gode toet i
rikt mål. Inkje vanta soleis.
Prinsessa var ikkje død; ho låg berre og drøymde. No laut me få
henne vaken. Og me turvte ikkje leita lenge etter dei vondemaktene som
hadde trolla henne. Det låg berrsynt i dagen, at det var danske- og svenske
unionane, som hadde valda ulukka. Dei var det som hadde nedra folket
vårt. — Og difor vart herropet aat ungdomen: Ut or unionane!
Fyrst den svenske som me då træla under politisk, og so den danske
som me træla under kulturelt. Norsk mål og norsk kultur måtte atter upp
i høgsætet. Bonden måtte atter taka førarromet her i landet. For desse
nasjonale høgmål måtte no ungdomen reisa seg og gå i striden. Men
korleis skulde me få ungdomen med? Dei få som hadde fått sin ånds
dåp på skulane var berre som dropar i havet. Og uråd var det åfå
alle inn på ungdomsskulane. Me laut firma på ei råd, so me kunde nå
alle. Då vart ungdomslaga skipa. — Dei spratt upp i dagen som av seg
sjølve på ymse kantar av landet. Det var som den store tanken låg og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free