- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
9

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

9
brann i lufta. Helst var det lærarane, som samla ungdomen ikring seg kvar i
sin krins. Men snart skyna me : Skulde ungdomsrørsla bli den reisingsmakt
ho var tenkt til, laut ungdomslaga skipa seg i hop, so dei kunde lyfta i flokk.
Då fekk me dei store fylkeslaga.
Og endeleg kom den dagen for 25 år sidan, då me i Nidaros fekk
skipa Norigs ungdomslag. Programmet for dette gav seg so og segja av
seg sjølv! Ein vaken norsk ungdom! I høgsætet med det norske målet!
Eit bondestyrt Norig!
Aldri gløymer eg den dagen for 25 år sidan. Me var ferduge med
samskipinga og samlast etterpå ute på Munkholmén ved Nidaros. Det
var ein solrik strålande sumarmorgon. Trondheimsfjorden låg og leika
seg kring den minnerike holmen. Smaug smilande framum oddar og nes
og tok dei gamle minnestadene i fanget. Der stod dei enno og lyste på
sumargrøne vollar og tvinna seg som blomsterkransar kring gjævingen i
Lade, Rimul, Elgesæter, Austraat, Stiklestad, Rein, Egg o. fl. Og upp yver
all denne minnerike fagerleiken lyfte Nidarosdomen seg mot den strålande
høgsumarsola, som vilde heilagdomen verja og signa det verket, som no
var reist. Det gav oss mod til å sjå framtida beint i augo og von um
at arbeidet for dei hugmål me no hadde sett for Norigs ungdomslag vilde
lukkast.
PETER SLOTSVIK
FRA DEI FYRSTE ARBEIDSÅRA.
Ungdomslaget «Fram» valde meg til formann
i 1893, ei stilling som eg og hadde i 1894, 96
97, 99 og 1900. Det var ei gild tid. Tilslutna
den var god og eldhugen for alt nasjonalt og
frilyndt var stor. Det varde ikkje so lenge fyrr
laget melde seg inn i Kristiania vinstreorganisa
sjon. Dei fremste menn i landet gjorde laget
den æra å vera fyredragshaldarar eller gjester i
laget. Eg kan nemna Steen, Blehr, Løvland, Ull
mann, Lindboe, Hægstad, Wexelsen, Vullum, Georg
Stang og sist men ikkje minst vår nasjonale son
gar Thv. Lammers. Millom lagsmennene sjølve
gjorde professorane no Gjelsvik og Koht sers
Anstein Myhr.
mykje til at medlemene fekk ein rik åndskveik. Sume av kunstnarane våre
og nokre av bokmennene som då var unge, men no er namnfræge, stod

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free