- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
14

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

14
skilt slikt eit emne kunde føre til, og utvilsamt hjelpte det til å skilje ut
dei som ikkje vilde ta nasjonalt standpunkt. Åre etter, då Eidsiva-lage heldt
det fyrste utsendingsmøte sitt i Oslo, tala eg der um målsaka, og no var
det ingen lenger som stritta imot det nasjonale programme, — det var ikkje
minst Fram-karane å takke.
Frå Fram kom dessutan det fyrste upptake som gav Norigs Ungdomslag
eit nasjonalt arbeid å samles um. Eg fekk Anstein Myhr med meg paa eit
framlegg um at ungdomslaga skulde be Stortinge gjøre alle lov-vedtaka sine
på norsk likso vel som på norsk-dansk. Det vart fyrst samrøstes vedteke i
Fram, deretter sendt ut til alle Eidsiva-laga og so til dei fylkeslaga som just
då heldt på og skulde skipe seg til Norigs Ungdomslag. Det var ymse
målfolk som var imot dette tiltake, og eg hugsar presten Kristian Nordlid
skreiv i «Den 17de Mai» at det kom berre til å bli fjasko. På ein måte
førte det ikkje til stort heller; vi fekk ikkje lovene på båe måla i lande.
Men vi fekk straks frå fyrste stund ungdomen samla um eit nasjonalt pro
gram; det var ein stor ting, berre det. Og det dreiv det nasjonale mål
krave lenger fram i politikken enn det til dessar hadde nådd. Eg var ord
førar for den deputasjonen som bar fram ungdoms-adressa um lover på
norsk for presidentskapen i stortinge, og eg minnes endå kor høgtideleg det
var då gamle statsminister Steen tok imot adressa. Det var berrsynt at det
vekkte både undring og vyrdnad, at so mange tusund norske ungdomar
hadde vorte samstelte um slikt eit krav, og tanken um eit norsk lovmål, den
som professor Hægstad hadde slegje det fyrste slage for med den vesle
lova um normaltid frå 1894, vart dermed halden levande.
Vi er so vande med å høyre um at alt nasjonalt strev her i lande har
upphave sitt på Vestlande, og eg veit godt at vi austpå tok kveik av ung
domsrørsla der vest. Men eg trur då eg torer segje at her var ein god
nasjonal vokster her austpå og, og grunnen var vel fyrebudd her for Norigs
Ungdomslag.
HALVDAN KOHT.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free