- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
16

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

16
folk» og det var Christofer Bruuns «folkelige grundtanker» ungdomen fekk
læra kjenna i denne heimen.
Hausten 1887 hadde Riste halde eit målskeid att for lærarar og nokre
bondeungdomar. Han hadde dette året fått ein ung mann til medlærar
— ein liten smålåten stillfarande student, heitte Rasmus Steinsvik. Lognt og
stilt steig han fram. Men i dei blanke, vakre augo lyste det av eldhug og vilje,
når han tok til å leggja ut um våre nasjonale fyrelogor. Hans gløgge kvasse
tanke fekk ein røyna på dei møtekveldar som vart haldne ein gong i vika i
«Risteskulen», der tilgjenget var fritt, — men der ein aukande frilyndt ungdoms
flokk etter kvart tok romet åleme. Skulde ein få sunnmøringane i tale so det
muna, laut ein ha eit blad — meinte Steinsvik — ein heilnorsk målberar.
Og ein møtekveld i Ristegarden vart det til visse, at Steinsvik skulde leggja
i veg med eit lite sunnmørsk målblad. So kom den 25. oktober 1887
det fyrste numret av «Vestmannen». Eg minnest vel kor me heime i stova
vår den kvelden las høgt ved lampen i «Vestmannen» um «Kva Lasse-Lars
fortalde» og alt det andre som stod der. I den stutte fyremeldingi i dette
fyrste numret — «åt lesaren» — segjer han um målet berre den ting,
at bladstyraren brukar det «avdi det fell laglegst» og skal det koma til ein
endskap med målstrevet, so var tidi komi no for alle som vilde noko meir
enn berre «prata» um det. Det laut verta alvor.
Og for Steinsvik var det alvor, det prova han til sin dødsdag. Den
vesle «Vestmannen» voks seg til slutt gjenom skiftande tider fram til lands
bladet «Den 17de Mai».
Men medan «Vestmannen» var heime i Volda, vart bladet fyrst og fremst
eit blad for den frilyndte ungdom som no tok til å fylka seg upp i Sunn
mørsbygdene.
I desse fyrste nyskapingsår, fekk ungdomen her uppe eit verdfullt til
skot i eit nytt minne, som gav god niste på vegen. Christofer Bruun
vitja Sunnmør og tok inn i Risteheimen. Han heldt då fleire foredrag paa
Sunnmør. Hans sterke myndige tale um eit gudsliv der fedrelandet med
sine store nasjonale og kulturelle uppgåvor var med vekte strid og harm,
men og jublande glede.
Eg minnest enno kor han sette støkk i ei stor forsamling då han ein
sundags ettermiddag steig upp på talarstolen med bibelen under armen og
tok til å tala um — Wergeland.
Det grodde etter Bruun si Sunnmørsvitjing. Atterreisingi av tungemålet
og høgskuletankane slik som Bruun hadde lagt dei fram vart styrken i ung
domsarbeidet. Og desse tåttane hev ikkje vore slepte sidan. Difor fekk
arbeidet åndsdåpen og det idealistiske draget over seg.
o 9
Frilyndt sunnmørsungdom samlast i Ålesund 1893 pa Ivar Åsens

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free