- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
17

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

17
80 årsdag. Då var den frilyndte ungdomsrørsla i sopass vakning i dei
ymse Sunnmørsbygder, at ein samdest um å halda den fyrste ungdomsstemna
for Sunnmør i Volda ved jonsoktider 1894.
So vart gjort og ungdomen synte daa si takksemd mot Risteheimen ved
å avduka ein minnestein yver Synnøve Riste som var avlidi.
Um den arbeidsdagen Sunnmøre frilyndte ungdomssamskipnad hev havt
sidan den tid gjenom 25 år er gjeve fråsegn um i ei bok som nyleg er
utsend, ei bok som i stutte drag gjev eit godt tidsbilete.
Frå den arbeidsbolken som er faren er der styrke å taka til arbeidet
vidare fram for ungdomen i dag. Me stend no i ei gjærande nyskapingstid
att på mange måtar, just ei tid for vaken ungdom som vil vera med og
setja sitt merke på framvoksteren. Gjev der i dei arbeidsdagar som kjem
aldri må vanta ungdomen den åtidsdåp som gjev livet innhald og mål
og arbeidsglede.
ANDERS VASSBOTN.
EI NY ÆTT MED STØRRE TRU
Eg tykkjer dei fleste som skriv um den fyr
ste skipingi av ungdomslag og fylkeslag skildrar
det so, at ein må tru at dette var noko som lik
som voks fram av seg sjølv, det låg liksom i
tidi. Det ser ut som um ein trur at desse lagi
voks fram av ei nasjonal idealistisk stemning
som gjekk gjenom folket utan at det var nokon
fast plan eller klår tanke med deim frå fyrst av.
Eg meiner dette er misvisande. Eg kom her til
Vest-Agder i januar 1890. Då var Vennesla ung
domslag alt skipa og hadde arbeidt nokre måna
der. Eg gjekk då straks med i laget. Her var enno
få eller ingi ungdomslag i Vest-Agder, og nokon
samskipnad av lagi (fylkeslag) var her ikkje. På
Askell Røskeland.
politiske møte, lærarmøte og ungdomsmøte råka eg snart saman med O. Fug
lestvedt og Tomas Torsvik. Me tala oftare um å skipa ungdomslag og
fylkeslag, og me såg visst umlag eins på saki. (Lærar Ousland tala eg
mindre med, og Axel Tobiassen berre sovidt helsa eg paa.)
Den politiske stoda var ikkje rar i fyrstningi av 90 åri. Fullt sjølvstende
for Norig anten i eller utanfor unionen — det kann ein segja var kravet
2 - Norigs Ungdomslag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free