- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
18

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18
som vinstre, fleirtalet av det norske folket, hadde samla seg um. Men høgre,
mest halvparten av folket, var ikkje med på kravet, og svenskane svara nei,
og tala openljost um å gjera ein «militær promenad» til Kristiania. Dei
vilde «tala svenska med nordbaggarne». Stortinget hadde vedteke at eige
norsk konsulatstell skulde skipast; men kongen hadde nekta «at tåge beslut
ningen tilfølge», utan at det stod noko norsk riksraad bak denne avgjerdi.
Eit av dei største folketog ein hev set i Kristiania hadde den 4. juli 1892
vore uppe til slottet og hylla kongen for dette. Motstandet frå Sverike og
høgrepartiet vart so sterkt at jamvel stortinget og riksstyret (vinstre) måtte
fira og lata saki liggja. Og alt dette vekte ikkje nokon ålmenn brennande
harm ute millom folk flest.
Men hjå dei mest vakne av ungdomen (og vonleg millom eldre og)
vekte det både brennande harm og djup mistillit til det norske folket, som
i ei slik sak kunde standa so kløyvt og difor vera so maktlaust. Me tenkte
umlag so: Som folk er me visst ikkje enno mogne til å løysa desse store
uppgåvone. Den ætti som no står for styr og stell greider det ikkje. No
er det ikkje nok å samla veljarane til politiske møte. Arbeidet må takast
grundigare. Me må lenger ned! Me må få tak i ungdomen, reisa ei ny
ætt med tru på folk og land, med klårt syn og med vilje til å ofra noko
for uppgåvone.
For det karm verta spursmål um offer, kanskje dei aller største.
Heilt frå ungdomen, ja heilt frå folkeskulen må dei unge verta fyrebudde
uppglødde av fedrelandselsk og stålsette til å løysa dei store uppgåvone som
no ligg og: ventar, og som det ser ut til at den eldre ætti ikkje greider
å løysa.
Desse tankar var det som stod heilt klårt for oss som frå fyrst av gjekk
med i ungdomsarbeidet. Eg var ikkje med millom deim som i 1893 baud
inn til det fyrste skipingsmøtet i V. ul.; men eg var på møtet og hev vore
med i arbeidet heilt frå fyrst av, so eg kjenner til korleis dei leidande såg
på saki.
Sjølvsagt hadde saki andre sidor. Den nye folkeskulelov frå 1889 la
skulens styre og stell i hendene åt folket; men enno fanst det t. d. privat
skular i sume bygder, fordi folk ikkje tolde «Jensens Læsebok» i skulen, eller
fordi det var for mange «verdslege» fag i den offentlege folkeskulen. I sume
av dei fyrste skuleplanane, utarbeidde etter den nye lovi, stod det beint fram
at berre religiøs song måtte nyttast i skulen. Fedrelandssongar vart ikkje
tolde. Her var nok av prov på at det var turvande å vekkja ungdomen, so
den komande ætti betre kunde fylla dei kravi den nye lovi sette til folket.
So var det liksom ingen millomveg for ungdomen. Vilde han ut ein
kveld, so stod på den eine sida bedehuset og dei religiøse samlingane der

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free