- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
23

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

23
så blid og smålåten; men han visste godt kva han vilde, den karen. Eg
måtte nå op så mang ein gong og takke og velsigne, og rose! Sume
gonger gav eg han Klaus på pelsen og; men han vart ikkje vond
for det.
Der fekk vi sjå folkeviseleik og springar og vosserull, og høyre god
song og felespel. Ja, vi har mye å takke dette laget for. Nå er dei
vortne for store for oss, og lite husrom har dei og, så det er lenge sea vi
var der nå. Vi held nå årsmøta våre på Folkehøgskulen i Østfold, i
Sarpsborg, i Spydeberg og fleire stader.
Frå dei store sumarstemnone våre har eg mange ljose minne. Som eg
hugsar den fyrste stemna vår i 1894! Frå dei indre Østfold-bygder reiste
mange på dampsk. «Strømmen» på Øyeren. Det var St. Hansdag og fint
ver då vi reiste, men utpå kvelden skya det op, og dagen etter var det fullt
regnver. Men vi gjorde ikkje så mye tå det, det var vår i ungdomsarbeidet,
alt var så nytt og friskt
Vi var lova kommunelokalet, men fekk det ikkje, og det var flagget si
skuld! For vi gikk fyre med det reine flagget, og det var radikalt nok den
gongen. Vi leigde eit stort jorde, og det gikk bra likevel.
Halvdan Koht var student den gongen, men djerv til å tala då og.
Slotsvik gav inn høgrefolka, soleis hugsar eg han tala om «gneldrebikkjur».
For fyrste gongen høyrde eg der nemne ein samanslutning av alle frilyndte
lag i Norge. Madshus nemnde det for meg, og Slotsvik heldt tanken fram
i ein tale andre dagen.
Eg har vore med på kvar stemne så nær som tri, og vi hai havt 27
i det heile.
Eidsiva-stemnone er vortne reine festferder for ungdomen nedover her.
Om vi så skal segja det sjølv, står det glans av dei.
Dei beste talarar Nc/ge har fostra har vi havt, undanteke Bjørnson Det
lukkast aldri å få han, diverre.
Frå 1904 har vi kvart år omlag havt idrottstevling. Ungdomar frå
mange bygder har vore med, og med samhug tenkjer eg på dei kjekke
karane som har øvt seg til «dei olympiske leikane» våre.
Best stemning var det oftast andre dagen. Då gikk vi rundt og helsa
og takka «for igår», og tala om det vi hadde høyrt. Det var lett å tala,
lett å koma inn gjenom hjartedøra, den andre dagen.
Dei fyrste 10— 15 åra var dei med oss — frå Eidsvoll i nord til Idd
i sud, frå Grue i aust til Drammen i vest. Seinare vart krinsen
mindre.
I 1905 vart ein bautastein over Håkon Håkonsson avduka. Etter optak
frå Slotsvik samla vi pengar og reiste denne steinen på fødestaden hans Håkon,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free