- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
26

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

26
MED UNGDOMEN
Eg stend no på høgdedraget av livet mitt,
ved sekstiårsgrensa, og skal no ned av berget,
på den andre sida, ned i skuggedalen, i alder
domen. Alltid berre ned og ned.
Og når eg no ser attende på det livsland
skapet, der eg hev gjenge, so fell det solblenk
yver mang ein stad og mang ei ljos li. Det
er dei frilyndte ungdomsstemnone um våren.
Eg hev vore med frå fyrste stund, og det frå
«Neset til Kapp». I 1887 var eg ein vetter lærar
ved folkehøgskule. Der fekk eg smaken på å
hava desse bjarte ungdomsaugo framfyr min
talarstol.
Anders Hovden.
Alt i mi studenttid tok eg til med å samla ungdomen i Åsentunet, når
eg var heime på Sunnmør. I 1890 var eg heime eit heilt år og samla
ungdomen um meg ofte. Men ein myrk pietisme kjøvde det ned.
Då eg 1891 vart prest paa Lista, tok eg til å skriva. Med flestalle son
gane mine tenkte eg på ungdomen Mitt fyrste dikt der var: «Eg livde
millom berg og knaus». Eg tenkte det til ein uppsong fyr bondeungdom.
Seinare forma eg ungdomsprogrammet meir beintfram: «Heitnatt til far,
og heitnatt til mor og heitnatt til fedraland!»
På Lista var eg i 7 år og tala ofte til ungdomen. Men pietismen hindra
oss mykje der med.
Eg tala målsak i Mandal, og vart kalla til mi fyrste ferd til ungdoms
stemne til Stavanger, der eg fyrste venda møtte Rasmus Løland og Jens Tvedt,
som eg budde hjå ilag med Hans Seland.
Men mest vart eg med, etter at eg i 1893 kom til Austlandet. Same
året ei gild stemne på Otta i Gudbrandsdalen, der Moren og eg tala, og
Lammers song. På alle stemnor eg hev vore hev eg halde norsk guds
teneste — oftast i kyrkjone — og ungdoms- eller måltale etterpå. Oftast
under open himmel. Då eg var hjelpeprest i Oslo bispedøme og min ven
Bang var bisp, fekk eg mykje fri. Wexelsen] var kyrkjeråd. Båe tvo vilde
unna meg tid til å skriva og tala. Eg for mykje ikring på Austlandet, like
ned til Fredriksstad, der den norsklyndte bymannen, dokter Lyche, var driv
krafti. Og Bjørnarå i Askim. Kyrkjone vart opna fyr oss all stad.
I Vestre Slidre i Valdres hadde me ei gild stemne, fyrst norsk messe i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free