- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
27

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

27
kyrkja, og deretter møte på Slidrebrenna. Der vart eg kjend med høgskule
styrar Bø og spelemannen Olav Moe.
Møtet var tillyst til å vera på Slidrebrenna laurdag middag. Men då eg kom
dertil, såg eg berre ei kjerring og ei gryte og eit bord. Eg var trøytt etter den
lange køyreferdi og la meg på bordet til å sova. Då eg vakna stod nokon og
undrast på, kven som der låg. Men det kom snart store flokkar av folk.
Eg for på same ferdi uppetter Valdres, radt til Vang, der eg tala målsak i sjølve
kyrkja. Presten eva seg noko fyreåt. Men etterpå takka han varmt frå kordøri.
Ei ljos sumarnatt køyrde eg attende ned gjenom skoglii under fuglesong.
Der møtte eg spelemannen Olav Moe, som skulde til Vestlandet.
Å, leik meg ein låt!" ropte eg han i møte. Og han spela vosserullen,
fanitullen o. fl., so det ljoma i liene og gauken tok til å svara. Gildare
konsert hev eg kje vore på.
1902 vart eg prest i Krødsherad. Då kom eg på mange forvitnelege stemnor i
Hallingdal. Dokter Bruim og frue og Ola Perstølen var drivkrafti deruppe.
Gamle spreke president Liestøl var stemnetalar i lag med meg. Det
var i Ål. Seinare lenger nede i dalen var eg på ei stemne ilag med Moren
og Angell som eg ofte seinare hev vore saman med på stemnor.
So tok eg til å koma på stemnor i Telemark. Kyrkja vart meinka oss i
Skien fyrste venda.’’ (Seinare opna prost Hauge ho for meg). Ullmann tala
der og. Seinare var me saman på mange stemnor.
Det gildaste på Telemarks-stemnone var kappleikane på fele. Eg er so
glad i musikk. Haugerud var ein av dei beste eg hev høyrt.
I Seljord preika eg i Landstads gamle kyrkje. Ute i bjørkelii i solskin
tala både Ullmann, Nådland og eg. Og prost Wicklund med eit veløvt
kor song: «Handi hans far». Då fyrst fann eg at både ord og tone er
vene i den songen. Det gav slik atterljom frå Hi, eg totte eg såg far
min nær ved. Etter at eg hadde preika i Brunkeberg kyrkje, nøydde dei
presten sin — som er telebonde — til å preika på målet.
I Telemarki treivst eg best, musikk, song og dikting flyt der um kapp
med elvane. Det var ungdomen sjølv, som kalla meg til seg. Formannen
då var i Norigs ungdomslag gjorde det aldri. Årsaki var kanskje den, at
eg hadde støytt honom, då han tok til med eit nytt ungdomsblad «Symra».
Eg totte «Unglyden» var god nok. Eg er sterkt imot at dei fær upp alle
desse sveltihel-bladi, dei magre kyr åt Farao, eg vilde me skulde samla oss
um nokre få, strøyma som bekker i å, so bladi kunde verta mektuge. So
skaut greinene naturleg fram i nye bladtiltak etterkvart.
Eller kanskje eg vart vraka som talar av andre grunnar — det er denne
gysja um, at eg var slik ein «villstyring i min ungdom». Eg fær høyra
det att no eg er 60 år dessmeir. Ja, eg hadde mod og måtte freista halda

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free