- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
30

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

30
høyrt. I alt hev eg halde 4 norske messor åt ungdomen i domkyrkja.
Eg hev ofte ottast, at min lyrikk ikkje høvde åt dei sterke trøndarar, at
det var som å skvetta vatn på steinen. Men eg hev teke i mist. Det er
både eld og gull i trøndarlyndet, og usvikeleg truskap. Me veit det frå
gamalt, at betre folketo finst ikkje i landet. —
— Eg song i min ungdom:
Å, Gud, lat meg få syngja,
som vesle fugl i sky
alt under myrke vetter
um vår og sumar ny.
Og stoggar ein og lyder
med hugnad til mitt kvad
eg kjenner vår i hugen,
då skal eg vera glad.
Mange hev stogga og lydt etter. Det er mi glede, den største eg no
eig. Og stundene saman med frilyndt ungdom er mine ljosaste minne.
Det minner meg, det minner, ja det minner,
til soli ned i vester sloknar ut.
Og inn i siste svevn meg eingong huggar
dei gamle minne og dei gamle skuggar."
ANDERS HOVDEN.
FRA ROMSDALEN.
Kvifor me skipa ungdomslag og ungdoms
samlag for ei 25 år sidan?
Å, den tanken var i grunnen ikkje ny. Me
som var unge i 70—80-åri og gripne av fridoms
og frigjeringsåndi frå folkehøgskulen den tidi,
me hadde so å segja ungdomsprogrammet vårt
ferdigt.
I 1880 hadde eg — i Trøndelagen — vore
med og skipa eit «samtalelag» med umlag same
program som dei frilyndte ungdomslag no. Lags
bladet vårt som eg styrde, heitte «Fram», og pro
gramartiklen slutta eg med: «Fram då, frendar,
i fredelege kappsteg ....!» — Diktarane sette
A. O. Sand.
upp problemi og reiv oss unge med til å gå glade i striden for tids
tankane og dagens store spursmål. Me unge måtte koma saman og dryfta
dagens spursmål; for det var so fælande mykje å gjera, og det burde gjerast.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free