- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
31

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

31
Men so kom — i slutten av 80-åri — dette svidande vonbrotet med
Sverdrup regjeringi, og — i fyrsten av 90-åri — denne kjøvande, halvtrøytte
dekadenseåndi. Huff, for ei kjellarluft det vart no mot dei friske stormbyone
under vetostriden ! «Trætte mænd» —og likesæle!
Eg minnest ein høgreprest som hadde ei von um at kanskje Arne Gar
borg og kunde koma på «rett veg».
Men mor Norig låg der so syrgjeleg uferdigt — uferdigt i so mangt!
So vart det den gamle soga uppatt: ungdomen er framtidi, ungdomen må
bergast, reisast til nytt liv og ny kraft. Me lærarar i ungdomsskulen kunde
vel tala med dei unge gutar og gjentor i skulen vår. Men når dei so kom
heitnatt? Ja, då må de skipa lag, og so til å arbeida! Det vart no fyrst
kravet Og ungdomslag vart skipa, mest i kvar bygd.
Eg kalla saman ungdomen i Romsdal til fyrste stemna på Vestnes jon
sokhelgi 1895. Fyremålet var m. a. åfå i stand ein samskipnad av ung
domslagi.
Der møtte utsendingar frå 19 ungdomslag — og elles mykje folk, eit
par tusund umlag. Det reine flagget veifta ungdomsfriskt og synte vår na
sjonale stemneleid: eit heilt ut sjølvstendigt Norig.
So underleg å tenkja på no: eit høgreblad i Molde skreiv um oss, at
no hadde ungdomslagi i Romsdal synt kva politisk farge dei hadde; det
reine flagget blakra trassugt mot unionen ! — Heile stemna var vinstrepoli
tikk og agitasjon mot unionen.
Romsdals ungdomssamlag hadde fått si vigsling — og forkjetring.
Året etter hadde me stemne i Molde. Då hædde og spotta same bladet
oss, for di me gjekk i festfylgje gjenom gatone med reint flagg.
So tykte eg det var best å setja upp programmet vårt, klårt og greidt.
Det gjorde eg året etter på stemna i Molde. Ei to—tri tusund menneske
var samla frå dei ymse bygder i Romsdalen. Lagmann Lindboe tala, og
Thorvald Lammers song.
Programmet var forma som svar på spursmålet: Kva me vil?
Me vil ha vokster og framgang for alt som karm reisa og byggja oss
sjølve, og dermed ogso samfundet og fedralandet.
Me vil eit velseda, upplyst og arbeidstrottugt folk.
Me vil ha lovfest reint flagg og eit heilt ut sjølvstendigt Norig.
Me vil ha det norske målet reist uppatt: i skule, i kyrkje, i tingsal
og elles til bruk i alt, i skrift og tale.
Me vil verna dei gamle ætteminne frå federne til heider og æra for det
nye Norig.
Stutt å segja: Me vil eit nybygt, sjølvhjelpt og sjølvstendigt Norig
på fedragrunn!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free