- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
34

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

34
MINNE OG STEMNINGAR.
Det er berre gode, ljose minningar eg hev
frå arbeidet med den frilyndte ungdomsrørsla.
Kvar gongen eg tykte at arbeidet mitt for
forsvarssak, målsak eller idrottssak gjekk for tungt
og seigt, når motburden vart for strid og leid,
då fann eg alltid nytt mod og ny von ute hjå
ungdomen, anten det so var i lagi med fyredrag
eller det var på stemnone med talor. Stundom
møttest me ogso uppe på sjølve høgfjellet. (Det
var dengongen då det fanst fjellgutar som trong
lærdom av byslitne gamalkarar, i fedrane si gamle
kunst).
Når eg no tenkjer attende på ferdene mine
rundt ikring i ungdomslagi, til ungdomsstemnone,
Henrik Ange/l.
på dei hundradtals av møte i bygd og by, frå Nordkap til Lindesnes, frå dei
verharde grendene ute ved Vesterhavet og til rudningane djupt inne i stor
skogane aust i Trysil, då minnest eg nok at det stundom var slitsamt på
åttring og motorbåt, på ski og i kariol, i storm og i stille, men alt i alt
so samlar alle hendingane seg saman til ein einaste stor, gild fest. Eg er
takksam for di eg fekk vera med. Det var so mange husrom og hjarterom
opne og med varme handslag at eg kjenner meg som ein gjeldbunden mann
til dei mange ungdomslag rundt ikring i dette store vidsveimde landet. Best
kannhenda minnest eg hjartelaget hjå deim langt inne i inste fjordane, der
som det var på det trongaste eller ute i utværi, der havet stod i brot og
brand, eller høgt uppe i avdalane, der allfarvegen paa vetratid berre var ein
liten strek i snjoen av skiløypa, eller langt burte i grenseskogane, der ung
domen møtte fram i norsk bunad, av di det var ein nprsk embetsmann som
vilde tala til deim på norsk — for fyrste gongen på Gud veit kor mange
hundrad år.
Det var ungdomen som fekk meg til å tala på norsk. — Ja, og so
Bjørnson. Han meir enn nokon annan gav meg den heite harm og det
eitrande sinne som skulde til for å fara rundt ikring land og strand her
heime og langt ut til Sønder-Jylland, til Polen, til Elsass-Lothringen, til
Montenegro og Serbia. I sin blinde fredselsk hædde han meir enn nokon
annan vårt yrke som vilde verja fedrelandet. Han og Kielland og Ullmann.
Han og Kielland skulde ogso tyna «målkalven», og oss målfolk som var
«lodne huleboere« som «rautede» og «siklede». Han som var so byrg av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free