- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
37

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

37
I det same var det som lufti. tok til å bivra. Det var fagnaropi, helsings
ropi frå den norske ungdomen til syskinflokken. Det var noko som var
løyst, noko som braut ut, braut fram. Det var eit einaste tusundtonande
rop, som steig upp, som fyllte dalen og fløymde vi, ut, langt burt. Men
innan ropet døydde, kom atterljomen sterk, samtonande attende, attende frå
nord og sud, frå dei myrke skogane i aust til dei brimkransa øyane i vest.
Og atterljomen var: Norsk! Norsk!
Færøyingane tala. Det var norske ord og vendingar, men me skyna dei
ikkje alle, for tonen var uvand. Me i gamlelandet hadde gløymt so mykje
av vårt eige mål. Men me skyna korsomer meiningi med kva brøderne
våre sa, for ordi kom fra hjarta og gjekk til hjarta.
So stod ein islending fram. Det var Helgi Valtysson. Han hadde vore
her i landet fyrr. Han tala nynorsk. Leikande lett tala han, fløymande
lett og fagert. So stod ein trysling fram. Det var Sven Moren. Han tala
same målet og like lett. So kom ein trøndar, so ein sogning. Alle tala
same mål — og i det målet fann me kvarandre alle, dei frå øyane og dei
frå skogane, dei frå dalane og dei frå byane, bonde og embetsmann.
Då såg me alle: den nye dag som tok til å rodna for Norig. Sol over
tind og topp, sol ned gjenom liene.
Og Vangsvatnet låg blinkande i høgsumarsol, smilande som eit barneauga.
«No er det i Norig atter dag», song folket. «Atter dag!» svara all naturi.
«Atter dag!» H. ANGELL
FRA VALDRES OG UPPLAND.
Det var etter måten ei stor ungdomsrørsle i
heimbygdi mi, Bagn i Valdres, både i mi små
guttid og i ungdomstidi mi. Dei hadde kome
saman til samtale og til eintonig og fleirtonig
song alt i den tidi far min var ung. Etter som
desse eldre fortalde, so var det mykje i ungdoms
livet der i bygdi då som minte um det frilyndte
ungdomsarbeidet.
Ein lærar, Syver Brænden, var førar for dette
— ein gåverik, frilyndt mann, som kom noko
på kant med verdi. Han døydde gamal i
Amerika.
Olaus Islandsmoen.
Men retteleg fart kom det i ungdomsarbeidet
då kyrkjesongar i Bagn, Ole Thorsrud, vart lærar heime på Islandsmoen.
Han var ung seminarist frå Asker, uppglødd grundtvigianar og fram

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free