- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
39

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

39
var det atterslag; men det frilyndte nasjonale ungdomsarbeidet hadde sitt
eige rom, der det fritt kunde ovra seg. Og frå dei frilyndte lagi og norskdoms
flokkane rundt i landet fekk framstegspolitikken og sjølvstendepolitikken det
meste av det tilfanget som gav hendingane i 1905 slik makt, og som atter
skapa uppgangsbylgja i norsk vinstrepolitikk etter 1906.
Både i samskipnaden og i lagsarbeidet vart det ei tung tid etter 1906.
Mange meinte at dei nasjonale merkesakene var framstridde. Der var det
ikkje meir å gjera. So heilt hadde unionsspursmåli teke all interesse; og
mange av våre beste kvinnor og menner gjekk denne tidi aktivt inn i dei
«kristelege» samskipnader og lag, eller inn i fråhaldsfylkingen.
Kyrkjespursmålet tok og mange vakne folk desse åri, og fråfallet var
heller tungt for oss då.
Dette var m. a. grunnen til at eg for min del laut vera formann
både i Valdres fylkeslag og Uppland nokre år. -Men snart snudde dette
seg. Fleire av dei eldre, som av private grunnar hadde drege seg attende,
tok no arbeidet uppatt smått i senn. Likevel må ein vel segja at ungdomen
på desse kantane heile tidi sidan hev vore mindre med i det leidande
ungdomsarbeidet.
Det gjeld fjelldalane, likesovel som flatbygdene, der sosialismen hev
fanga ein god del av den stridsglade, ideelle ungdomen.
Det er smaabonden og arbeidaren som hev halde det frilyndte ungdoms
arbeidet uppe; det er dei same som ogso hev ført atterreisingsarbeidet for
det norske målet. Gilde undantak er det; men dette er regelen.
Ein kan vel segja at det var folkehøgskulen som reiste tanken um det
frilyndte ungdomsarbeidet og at det vart dette arbeidet att som no heldt liv
i folkehøgskuletanken. Det sværaste arbeidet hev me i grunnen havt med
pietismen, og på ein måte er det so den dag i dag. — Mange alvorlege
folk trudde at det einast var bergingsvon i eit strengt kristeleg liv. —
Her kom då Grundtvigs syn um «det menneskelege» og kristelege frå andre
kanten.
Sed og skikk hadde kome lågt ned. Drikk og dårleg ungdomsmoro
rådde grunnen mange stader.
Her kom fru Garborg og gjorde eit godt arbeid, med folkevise
leiken, eit arbeid som folket vårt gjenom alle tider kjem til å minnast
med takk.
Vinteren 1904-05 hadde fru Garborg eit skeid ved Valdres folkehøg
skule. O. E. Bø studde hugheilt dette arbeidet.
På avslutningsfesten i «Skyttarhuset» på Løkje — der folkehøgskulen
hadde skulekjøken og gymnastikksal, var heile dalen med. Målmenner og
riksmålsmenner, unge og gamle var like uppglødde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free