- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
43

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

43
domsforening. Og den tanken stormtok oss alle. Arbeidsmål og arbeids
måtar, plan, program og alt slikt — det stod uklårt for oss. Vi kjende berre
at dette vilde vi ha. Og det snart. Ungdomstida kvarv. Manndomsåra
venta. Lande og folke gjekk alvorsfulle tider imøte. Vi laut bu oss. Vi
laut vera med og hjelpe til det vi kunde! «Ungdomsforeningen» skulde
vera ein lysande port inn til nye reisingstider. Vi reiste porten. Og gjekk
inn. Og tok med oss alt det vi åtte av tru og livsmod og hjartelag.
Vi vart ikkje åleme. Det steig fram nye ungdomslag snart her snart der
i dei einskilte grendene aust i skogen.
Og vi kjente den same gleda som missionsfolke truleg kjenner når det
blir reist nye «stationar» millom heidningane. Vi tok til å sende «missio
nærar» rundt — til å forkynne nye tider og reise nye mål. På nokre år
hadde vi 10—12 ungdomslag berre i Trysil. Og så sa det seg sjølv at
vi skipa «forbund» — soleis som dei alt hadde gjort i Østerdalen (Breidablik).
«Forening» og «forbund» strauk vi elles snart og fekk lag og fylkeslag i
staden. For Trysil fekk vi da fylkeslage «Trysalir». Eg vart formann der i
mange år frametter.
Eg kom såleis tidleg med i ungdomsarbeide. Og vart sterkt gripen av
dei mål ungdomslaga sette seg — enda alt som skulde tryggje ein sterk sam
skipnad var ugjort. Det såg eg da likevel tidleg, eg som andre, at laga
laut ha ein traust grunn å bygge på, og eit program som det verkeleg var
reisingsmakt i. Det dugde ikkje berre med «hygge og underholdning» og
«for oplysning». Vi laut melde oss til teneste der vi kunde gjera mest gagn
og der folke hadde mest bruk for oss. Det fall da reint av seg sjølv* at
vi sette national atterreising til fremste mål. For der var enda det meste
ugjort. Vi hadde ikkje ein gong vunne att den fulle politiske fridomen
vår. Vi var eit lydrikefolk f Det var æremink og krafitap utan grense! Og
det kjendest som ei svidande skam kvar gong vi var samde om merke
sakene våre.
Vi hadde i desse åra eit lite ungdomsblad på Austlande som vart ein
god bodberar for det som vi vilde. Det var «Breidablik» på Røros — med
den pur unge idealisten Magn. Hamlander til bladstyrar. Der såg eg i svim
lande glede mine første nynorske dikt på prent. Der møtte eg verdsens
minste klokkar,’ A. Kirkhusmo, verdssns gildaste sakførar, Sam. Johnson,
verdsens raudaste anarkist, Ivar Mortensson, verdsens største diktar, Johan
Bojer, og mange andre. Johan Falkberget var i same fylgje. Det var hans
høgste mål å få sjå sine eigne produkt i «Breidablik», fortel han sjølv. Men
avdi han ikkje brukte skiljeteikn, og ofte sette dei store bokstavane midt i
orde eller sist i orde, gjekk alt han skreiv i papirkorga.
Ungdomslaga i Østerdalen hadde ei glanstid i 90-åra med Kirkhusmo,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free