- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
45

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

45
Men så hende noko som sette dei unge drøymarane på prøve. Den sjølv
skrivne formannen og føraren, Peter Slotsvik, — som hadde gjort opptake
og ført det fram så langt — vilde ikkje meir. Og årsmøte i Skien 1899
laut firma seg ein ny mann i staden hans. Årsmøte valde, som rett var,
han som da stod fremst i ungdomsrørsla på Vestlande, den unge skalden og
bonden Anders Vassbotn. Men Vassbotn var sjukleg og bad seg undan.
Så skipa «Unglyden» nytt formannsval, skriftleg. Vale peika ut ein annan
Anders-kar frå Sunnmøre, diktar-presten Anders Hovden som just ved det
leite tok til å syngje seg inn hjå ungdomen. Men Hovden sa og nei. «Ung
lyden» skreiv da at no var det eg som eter røystetale stod for tur. Og
no stod det på meg om landssamskipnaden skulde halde fram, eller leggje
opp årene for godt. Eg hadde sagt ifrå før at eg ikkje vilde. Og eg sa
det atter. Men «Unglyden», «Nationalbladet» og andre heldt sterkt fram at
eg laut ta imot det. Og under eit upphald i hovudstaden kom mange karar
med namn og makt i ungdomsflokken og skauv på — så lenge og sterkt
at eg tilsist skaut hjarta opp i live og tok imot det. Eg fekk bøkene ut i februar
1900. Men dei styrkte ikkje den store samlingsvona. Troppene var laust
samanbundne. Årspengane var det få som hadde betalt. Kassa var tom.
Årsmeldingar var det mange som hadde gløymt. I det heile var det visst
meir ein samskipnad i namne enn i gagne, ja.
Eg hugsar vel mi første «regjeringshandling». — Eg laga ei liste over
fylkeslaga og merkte ut dei som ikkje hadde gjort sin skyldnad etter lovene.
Det vart ei syndeliste, der alle greitt kunde sjå korleis tilstande var. Eg
skulde visst ikkje gjort det. For det varde ikkje lenge før eg fekk både
klander og klagemål : — «Er det på den måten, skreiv ein velvyrd formann,
«at du vil setje oss i gapestokken?-» Andre skreiv anleis og var ikkje blidare.
Og eg var hårsår og hugsar som få, og tok det tungt.
I mi naud gjekk eg til Rasmus Steinsvik. Han trøyste meg og sa det
var rett gjort. No tregar dei syndene sine, san. — No lyt dei ta seg på
tak. No skal du berre sjå! Og Steinsvik fekk rett. Det kom verkeleg både
årspengar og årsmeldingar.
Så var det årsmøte. Kvar skulde vi halde årsmøte. I Kristiansby, sa
somme. Midt inni Tigerstaden! Eg vilde helst for min eigen part gøyme
både meg sjølv og årsmøte bort i ein avkrok. Men Steinsvik, Klaus Sletten,
Anders Hovden og andre eg spurde til råds heldt på sitt. / Oslo. Det gjeld
å syne seg, sa dei. Og det gjeld å reise motmæle mot riksmålsagitationen —
som just da fekk luft under vengene i hovudstaden.
Og så vart det så. Men eg hadde ikkje våga det om ikkje gode menn
i hovudstaden hadde stødd så sterkt oppunder. Bondeungdomslage hadde
nyleg fått fast fot i byen. Dei åtte hjarterom, og leigde husrom (i Møller

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free