- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
47

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

47
styrde målkassa, tok på seg skrivaryrke. Neste årsmøte vart i Ørsta på Sunn
møre. Eg skulde møte sjøen og vestlendingen. Det vart vel ikkje betre
enn hovudstaden og bymannen.
Men det gjekk godt det og. Det vart eit nytt og strålande eventyr.
Lande som lyfte seg ende-opp or have, steingrått og sommargrønt med jøklar
som skein og fossar som stupte seg tusund fot ende ned i sjøen. Det brå
tok meg. Det var så ulikt alt det eg kjende før; men det var likevel mitt
land! Og folke som alle stader tok godt og venleg imot meg — det var
mitt folk! Eg vakna ein sundags morgon iei seng på prestegarden i Ørsta.
Det sat ein mann på sengekanten og ruska i meg. —
No lyt du opp, sa han. Det er kyrkjetid. Og du skal preike i kyrkja
— I kyrkja?
- Ja!
— Aldri!
— Det er ikkje husrom andre stader.
— Men det er ikkje gudsord eg skal forkynne. Eg kan ikkje .. . Og
det vert rispande gale — etterpå.
— Det vert mi sak. Eg er presten. Mitt namn er Devold.
Det var ikkje bøn for. Eg laut åt kyrkja. Presten tala og messa
på norsk. Og Klaus Sletten og eg — vi klengde oss fast til ein talarstol
som stod midt i kyrkja og tala om vårt. Og i kore var der eit stort
songkor. Og det vart meg — som tala om Blix-salmane — til ser
skilt stor hjelp den dagen. På denne stemna møtte eg mange gilde folk som
alle skal ha namne sitt innskreve i soga åt den frilynte ungdomen. Andreas
Austlid, Per Riste, Olav Åsmandstad, Olav Hamar, Jon Åsen, dr. Norman-
Eng og frua o. a. Natt til tysdag køyrde eg ilag med dokterfolke frå Ørsta
til Volda — framom Åsen-tune. Eg hugsar enno så vel den vesle garden
som låg der og sov inni den tusmørke, djup-stille sommarnatta.
Her kom han nærmare enn nokorsinne — han, som hadde lært meg
den tunge men gode vegen inn til meg sjølv, og inn til det djupaste i
folkelynne der det levande orde løyser seg morgonfriskt på folketunga.
På årsmøte i Ørsta bad eg meg fri formannsyrke. Håkon Åasvejen
vart vald i staden Men Åsvejen sa nei. Og så laut Klaus Sletten, som
årsmøte hadde kåra til nestformann, til. Klaus Sletten stod i formannsrome
i 5 år. Under denne tida gav han ut «Symra». Han gav det ut på eigen
kostnad, og sende det så vidt eg veit fritt til flestalle ungdomslag. Det var
eit blad som prøvde å lyfte dei høgmål ungdomsrørsla meir og meir samla
seg om fram til folke i ei fullnorsk målform.
Sletten fekk den hugnaden å vera formann i samskipnaden det åre vi

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free