- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
48

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48
vann att den fulle politiske fridomen vår. Den store stemna på Veslehamar
1905 var eit sterkt vitnemål om den fedrelandskjærleik og samvilje som da
rådde millom nordmenner.
I 1906 sa Sletten ifrå seg formannsyrke. Og ein ny mann steig fram
og tok rome — professor Nicolaus Gjelsvik. Eg sat heile denne tida i
styre. Og eg var ikkje viss på at den lov-lærde professoren høvde til
hovding åt den frilynte bondeungdomen.
Han var fylgjestreng og klår så det var farleg å stå i bås med han.
Men eg fekk anna visst. For attom den strenge logiken brann ein idealitet
så varm og strålande dag-klår at det vart heiltopp ålljos dag over arbeide
vårt under hans førarskap. Mine beste ferdaminne har eg etter samver og
samarbeid med han.
Til den store norrøne stemna på Voss i 1908 for vi ilag over fjelle —
Gjelsvik, Steinsvik, Hægstad, Angell, Erik Vullum o. a. — Det gjekk med
song og glede frå syn til utsyn — den første frilynte ungdomsferda på
breidt spor frå Austland til Vestland.
Vi kom til Voss om kvelden. Og aldri har eg set ein slik stemnelyd!
Der sat 8000 ungdomar kring talarstolen på Prestegardsmoen. Og midt
inni ringen sat 100 færøyingar. Lyden song fedrelandssalmen vår og
etterpå færøysongen:
Eg oyggjar veit sum hava fjøll
og grøna lid
Det var ei høgtidsstund eg aldri gløymer, og som ingen kan gløyme av
dei som var der. Det var min tur å tala. Men eg sat med gråten i halsen
og torde ikkje syne meg. I mi naud ropte eg på Angell. — Kjære kaptein
Angell!
— Jaja, sa han. — Det er hardt for meg og. Men eg er krigsmann,
og har vore i elden før. Og Angell tala som aldri før. Men etterpå sa
han, at han aldri hadde vore så kløkkt og gripen. —
Og så kom dei fram den eine etter den andre: Eskeland, Hægstad, Erik
Vullum, Helgi Valtysson, Gjelsvik — Eg bad tynnt om å få sleppe; men
det var ikkje råd. Og eg vart lyft opp på den sterke stemningsbåra og sa
visst berre det, som augneblinken kravde- Eg datt ned på jorda att attmed
skalden Djurhuus frå Færøyane. Og det bar ned til Vangsvatne med oss.
Og det vart råd til å svala seg i den kyrre sommarnatta.
No bar det ut på talarferder og store stemner år etter år. Det var herlege
turar i den fagraste årsens tid millom blomen av landsens ungdom.
Største eventyr-ferda hadde vi til Nordland likevel. Det var eit trekløver
— professor Gjelsvik, Anders Hovden og eg. Sommetider slang Oddmund

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free