- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
50

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

50
SSS
i 5
Ofl m
Men voksteren synte seg rundt ikring desse to. Den store folkehøgskule
garden vitna sterkt nok om det
Eg kom i seinaste lage. Eg sat i mine eigne tankar og tok «vestre
linje» i staden for «austre» —og kom til Ås. Så laut eg kjøpe meg ein
mann til å køyre meg i bil den lange vegen til Mysen enda bensin det åre
berre var for statens tenestemenn. — Da eg kom til stemneplassen steig eg
opp på eit trev — det var venteleg ein musikktribune — attanfor den uhorve
lege folkehopen. Det var presten Haugsøen og eit par handfaste karar til
som fekk meg nedatt og førde meg dit eg skulde — på hi sida folkehave.
Og der stod dei kring den lauvprydde tribunen — talarar, styresmenner og
utsendingar frå alle landsluter. Eg laut fram og opne møte og gi orde til
formannen i dei danske ungdomslaga, hr. Nielsen, som tala om nordisk sam
arbeid og sociale spørsmål. Etter han kom Fridtjof Nansen. Og Nansen
let si veldige røyst gjalla — millom flagg og vimplar som fossa blodraudt
og small og brusa i nordanvinden — og mana ungdomen til mannstukt og
mannsdåd. — Etterpå laut eg bera fram målspørsmål åt austlendingane.
Eg tok i det eg orka. Men det gjekk ikkje av seg sjølv som på Preste
gardsmoen på Voss. Det var ikkje slik atterljom.
Siste årsmøte mitt var på Tynset i Østerdalen. Det var ei veldig mønstring
av ihuga norskdomsfolk på årsmøte der. Frå Vestland og Austland, frå sør
og nord møtte folk i sine beste manndomsår, folk som hadde vakse opp i
den frilynte ungdomsrørsla, og som hadde vant seg til å tenkje og tala
norsk. Eg har aldri høyrt så mykje sterk og stø norsk tale.
Vi fekk stemneplass på det romslege høgskuletune på Tunnheim med
Idius Nybø som vert. Det var ei uvanleg spaning i lufta og over møte
lyden. Tora ramla og slog, da vi skulde til. Og eg som er nervøs i tore
ver —eg jaut stå med andlete mot torehausane og tala etter ei svemnlaus
natt. Men uvere dreiv over i lufta og i oss som hadde ansvare for dei
spørsmål ungdomen kravde løyst. Breiaste østerdalsbygda la seg til ro i
sommarkvelden. Og Trond stod midt imot, sommargrøn og mosegul. Det
var ruggen sin som ikkje skvatt undan for eit uver!
På Tynset fekk eg atter smette ut or formannsrome — og ut or styres
ringen, der eg no hadde stade i 20 år. Eg vart min eigen herre att og
min eigen tenar — såleis som eg likar det best.
Dette er berre ørlite av det som eg gjerne vilde fortelje. — Millom dei store
stemnur eg her har nemnt ligg mange andre både store og små. Og her eg
sit for meg sjølv no stig det fram minne etter minne frå alle desse arbeids
og strids- og feståra. Framgangen har ikkje vore så stor som eg vilde.
Og sjølv har eg korkje havt kraft eller tid til å gi så mykje som eg burde.
Sommetider kjendest arbeide tungt og trøyttande. Og striden — som sjølv

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free