- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
51

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

51
sagt alltid fylgjer ein samskipnad med eit program som vårt — var ofte beisk
nok. Likevel segjer eg fritt, at eg har berre gode minne att etter samvære
og samarbeide med den frilynte bondeungdomen. Og dei mange tusen som
eg møtte — og som i småting stundom var imot og stundom med meg —
sender eg mi beste helsing no Det var hovdingar og merkesmenner frå
alle landsens bygder — ulønte tenarar alle for den eldgamle livsdraumen
vår, at vi skal vera eit fritt kulturfolk med fritt folks rett og ansvar millom
andre. Og den gamle vona vert vissare og vissare, at domen atter skal
reise seg høg og herleg i Norges jord og samle oss alle. Kvart lite ung
domslag skal vera som eit kapeH. Der reiser vi altar for alt som høyrer
bygda til. Der dyrkar vi bygdemåle, bygdekulturen, bygdebaten. Men det
vesle kapelle lyfter seg og bøygjer seg inn imot andre, inn imot alle andre.
Det vert eit samspel av bogar og kvelvingar, av tankar og hugmål i rik og
fager sikfting. Og alt veks ihop i høgd og herlegdom og vert eitt, ein tanke,
eitt byggverk, ein veldig dom over oss alle: Norigs ungdomslag.
SVEN MOREN.
HORDALAND
Sist i 1880-åri og utyver i 1890-åri vart
mengdi av ungdomslagi i Hordaland skipa.
Upptaket til lag vart i so mange høve,
at lesehuga ungdomar «slo seg saman» til å
kjøpa bøker og halda blad. Dei vilde lesa dik
tarane våre, Bjørnson, Ibsen, Lie, Kielland, Gar
borg o. fl., og i bladi «fylgja med» i politikk og
elles det som gjekk fyre seg i den vide verdi
utanfyre deira eigi bygd. So hadde dei samko
mor til samtale um det dei las, og ordskiftet
kom sjølvgjeve um so ymse «tidstankar». Lese
hugen og trongen til sovorne samkomor var karm
henda ikkje minst i små avsides bygder, der ung-
Arne Stuland.
domen hadde lite høve og stunder til å koma i lag — soleis som på folke
rike stader. Og mange gjekk og gledde seg til møti, og sume tenkte på
kor dei der skulde leggja fram «tankar» som dei i kvardagslaget brann inne
med. — Den tid kom snart at desse møti gjorde sine vedtak etter ordskif
tet, tok referat og førde møtebok. Lenge var det heller ikkje fyrr laget sitt
handskrivne blad kom — i tunge prosa-treskor og på lette verseføter etter
som det falla kunde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free