- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
52

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

52
Det var noko nytt i bygdene dette at ungdom kom saman til møte og
skulde setja fram tankane sine i velskipa ordskifte. Og so all denne lesingi.
Bygdefliren fekk noko å geipa åt: Dei munde skyna seg på alle ting
desse ungdomane, og etla seg nok til «å styra ringjingi» både med eit og
anna, dei gapane. Alle desse fillebladi og rolsebøkene dei drog ihop, la
pengar i og hefte seg burt med, skulde vel gjera deim «til manns», dei!
Alt reaksjonært i politikk og elles såg i ungdomslagi ein skule til radi
kalisme, og vilde gjerne ha dei tynte. Men det hende nok sjeldan at eit ung
domslag seig ihop av det’ modstand og den hæding det fekk utanfrå. Sna
rare døydde det når lagslemene ikkje lenger såg ungdomslagi si uppgåve.
Åtaki utanfrå skapa samkjensle — stridskameratskap — millom lagsfolket,
um endå meiningane mang ein gong kunde stå stridt mot einannan ogso
i sjølve laget, og det kunde falla drjuge hogg i møti. Ein lærde seg
til å sjå sakleg — og skilja millom mann og sak Ut or mengdi av
emne som var under ordskifte, skilde seg med kvart visse «saker» som hadde
lag til å halda hugen varm, og som ein seint vart ferdig med t. d. målsak,
unionsspursmålet, avhaldssak o. fl. Ordskiftet um desse vart levande og ol arbeid.
I si fyrste tid hadde ungdomslagi fåe festar, ein årsfest ved joletider og
ein 17de mai-fest var det vanlege. Desse festane såg motstandarar seg
mest olme på. Dei freista stengja skulehusi og det hende at dei kasta torv
og småstein yver 17de mai-fylgjet som for vegen fram under flagd. På
festane hadde ein gjerne litt leik, i vanlege lagsmøte ikkje, i den tid. Alt
tidleg i 1890 åri freista ungdomslagi seg med dei små spelstykke som var
for handi. Utvalet av høvelege stykke var heller lite då.
Det var sagt at ungdomslaget skulde vera som eit brennglas. Som
brennglaset samlar mange solstrålar til eit «brennpunkt» med høg varme og
mykje ljos, soleis skulde ungdomslaget samla strålar av ånd. So skulde
ljoset auka og framgangsviljen nørast — meir enn når kvar stulla for seg.
Og i gode ungdomslag gjekk det soleis.
Når ungdomslag i året 1892 kalla saman til ungdomsstemnor — Om
vikdalens ungdomslag til ei stemne 19de mai og «De unges forbund» på
Voss til stemne ved jonsoktid — so låg same strålesamlar-tanken til grunn,
og hev gjort det framleis for ungdomsstemnone i Hordaland. Til talarar
på stemnone vilde ein berre ha av dei beste.
I året 1903 vart sjølve Bjørnstjerne Bjørnson spurd um han vilde tala
på ungdomsstemna i Hordaland. Svaret kom telegrafisk: «Det ær umu
lig». I våre største konservative dagblad i Oslo og Bjørgvin hev der av
og til vore skrive hædande um den «uklare folkehøiskoleånd» som skal
sviva yver dei vestlandske ungdomsstemnor. Les ein desse bladi og ser på
talarlistone til dei store ungdomstemnone med namn som dr. Klaus

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free