- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
53

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

53
Hanssen, dr. Armauer Hansen, Viggo Ullmann, Jørgen Løvland, Lars Eske
land, Anders Hovden, dr. Brunchorst, Sven Moren, Severin Eskeland, Bolette Pavels
Larsen, overlærar O. W. Fasting o. fl., so kann ein få sine eigne tankar um kvar
den «uklåre ånd» er, anten på ungdomsstemnor og folkehøgskular eller i bladi.
På ungdomstemnone var målsak og avhaldssak faste emne. Kravet
um upplæring i norsk på lærarskulane vart vel fyrst reist av ungdomsstem
none på Vestlandet. Johannes Lavik, seinare bladstyrar i «Gula Tidend»,
var idugaste talsmannen for målsaki. Lars Eskeland, Oddmund Vik og
Johs. Lavik var og dei fyrste som heldt sine fyredrag på norsk mål. I året
1905 vart dette mål nytta av alle talarane på stemna åt Hordalands ungdomslag.
Etter dei fyrste ungdomsstemnone fall det so naturleg for ungdomen i
Hordaland å skipa seg saman til eit fylkes-ungdomslag. Torgeir Utne, som
var ein av dei som arbeidde mest for samskipingi, skriv i den tid: «Ung
domslagi er den frie framhaldsklassa i folkeskulen, som tek i då statens
skular sluttar. Denne friklassa er frambori og bori uppe av det beste i
skulen». — At det I dei småe bygdelagl vart gjort godt arbeid, det var
hovudsaki. Ved det vilde ogso stemnone veksa i verd.
Stemneferdene i ljosaste sumaren vart ugløymande festferder. Ungdomar
i åndeleg framvokster slo seg saman og for lange vegar yver fjell og fjord
— til stemnone. Strev og vanskar gjorde berre ferdi meir forvitneleg.
Mange kjende menn hev gjeve desse stemnone på 4—6000 menneske
fullgode vitnemål. Dr. Klaus Hanssen sa um ei stor stemne i Hardanger
at den var «imponerende» med god «orden og opmerksomhed». B—98—9 år
seinare finn bror hans, dr. Armauer Hansen, ved ungdomsstemna i Strand
vik «at forsamlingen var mønsterværdig god at tale for». Fru Bolette Pavels
Larsen tykte at ungdomsstemna i Hordaland 1901 var ei «virkeleg fin
forsamling». O. W. Fasting var på ei stemne i Hardanger. Seint på kveld
fyrste stemnedagen var han ute og såg seg um i bygdi. Då sa han: «Jeg
vet at her omkring på gårdene ikveld er 3—4000 ungdommer i sin kåteste
alder ; men jeg ser ikke no’e til dem, og ikke hører jeg en lyd fra dem.
Bygden hviler i søndagsstilhet. Dette er en orden og disciplin som imponerer,
ja er utrolig for os byfolk. Slikt er ikke tænkeligt om det hadde været byungdom».
Når der soleis til ei trong vestlandsbygd strøymer fleire tusund ungdo
mar, vert husromet for lite. Ein må ta natteherbyrge i løor. Eit heilt ung
domslag fekk ved ei stemne husrom hjå ein mann (på Helleland i Ullens
vang). Gjentone fekk «bu» i stovehusi, og karane fekk god flatseng i løa.
Når laget etter stemna vilde greida fyre seg for husrom og meire, vilde
mannen ingi betaling ha; fordi, sa han, desse ungdomane hadde ført seg so
sømeleg og fint den stund dei var i hans hus. — Og soleis var det nok
på jamnen ved ungdomsstemnone.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free