- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
54

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

54
Desse stemneutferdene ut frå heimbygdi til møte med annan ungdom
vart til gagn for mange. Kjennskapen til andre bygder og bygdefolk voks.
Det vart noko meir og anna enn t. d. ei byferd; ein møtte sitt eige folk.
Samværet med annan bygdeungdom med sams hugmål hev skuva på fram
gangsviljen. Og «fordom» bygdelagi imillom hev falle. Samkjensla millom
landsens bygder hev vakse.
Det er aldruge menn som hev vore på umlag kvar einaste ungdoms
stemne i Hordaland frå 1890-åri til no, endå dei ikkje hev møtt som ut
sendingar frå noko lag.
Som ungdomslagsungdomen alltid
sjonale, soleis fylgde han og levande
helsing til riksstyret 24de juni. Når
namn på Norigs konge — vende han
hev fylgt med i striden for det na
med i året 1905. Årsstemna sende
ein velvyrd bergensar kravde norsk
seg naturleg til den hordalandske ung-
domsstemna som tok kravet upp, og sende det til riksminister Michelsen 25de juni.
Ungdomsfolk hev vore dei fremste til å ta upp arbeid for idrott i vest-
landsbygdene; serskilde turn- og idrottslag er skipa.
I målreisingsarbeidet hev ungdomslagi støtt stade i fremste lina, — og
på mange måtar gjort sitt til at «heimbygdi» vart unelegare for ungdomen.
Det er mi von at dei ogso etter denne dagen vil samla ljos og verme
til vokster og framgang i bygdene våre.
ARNE STULAND
VOKSTER.
«Begyndte som en susen i kornet sommerdag,
men vokste til en brusen gjennem skogenes tag».
Bjørnstjerne Bjørnson gav god nøring til den
frilyndte ungdomsrørsla. Då bonde-forteljingane
hans kom, var det liksom ein kjende solglytten
til eit rikare og fagrare ungdomsliv.
Daa Chr. Bruun kom med sine «Folkelige
grundtanker» skapte dei meir vilje og tankar, og
det voks fram gode hugmaal og tiltak hjå mange.
Dei sette sine djupe merke.
Folkehøgskular tok til å reisa seg. Ungdoms
lag vart skipa.
Anders Ullestad
Ein og annan idealisten, som hadde vorte
teken av Bjørnson og Bruun, tok til med eit idugt ungdomsarbeid. Det
vart oftast ikkje stor vokster; men det grodde, og fruktene synte seg etter kvart.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free