- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
55

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

55
Dei nye tankane kom ogso til Voss. Dei slo ned hjå einskilde; og
grunnlaget for arbeid og vokster vart lagt for ungdomsarbeidet her.
Voss ungdomslag vart skipa i 1890. Det møtte slik motburd, at det
var vanskeleg å tru det kunde verta liv lage.
Men det var idealistar som gjekk i brodden, og dei hadde gneisten i
seg. Dei hadde både tru og vilje. Mål og mid vart dryfte, og tankar vart
sette i sving. Det synte seg snart, at her var vokstergrunn.
Jonsok 1892 vart det gjort eit stort framvarp.
Den fyrste store hordalandske ungdomsstemna vart då haldi på Voss.
Fyrebuingsarbeidet var ikkje lett. Ein heil vinter arbeidde laget med
dette. Denne stemna vart paa ein maate grunnlaget for heile ungdomsrørsla
i Hordaland. Frå den dag reknar Hordalands ungdomslag si verksemd,
endå det fyrst var i 1898 at laget fekk full og heil samskipnad. Truleg er
det og, at denne fyrste hordastemna sette leidi for ungdomsrørsla i heile
landet og soleis peika fram imot Norigs ungdomslag..
Dei menn, som tala paa denne stemna vart seinare fyregangsmenn for
ymse greiner i ungdomsrørsla: Johs. Helleland, Lars Eskeland, Olaus
Alvestad, Jon Laberg, brørne Andreas og Johs. Lavik og Rasmus Steinsvik.
Eg var med og fyrebudde stemna. Det var med von me arbeidde.
Gildt var det å lesa svarbrevi frå dei som vart spurde til råds. Det
var berre eit fulltonande svar frå alle? Og det var lett å skyna at dei same
tankar og hugmål brann allestader. Det var berre upptaket som ein venta på.
Det vart då ogso ei lysande stemne. Det vart ei merkestemne, som
aldri må verta gløymd i den frilyndte ungdomsrørsla si soge.
Det tok til å stå age av ungdomsfylkingen no. Det var liksom vår
teikni som melde seg.
Det tok til å brydda eit friskare og rikare ungdomsliv rundt ikring.
Det var sjølvgjeve at det laut verta fleire slike ungdomsstemnor.
Året etter vart so den andre store stemna haldi i Kvinherad i Hardanger.
Det var og ei fager stemne, og det vart ei ugløymande ferd for dei som var
med. Heile Hardangerfjorden lyste og blenkte i all sin herlegdom.
Blakrande flagd og jublande ungdom lyste alle stader.
Stemna var i alle måtar gild. Millom talarane var Erik Vullum. Med
eld i bringa, og med sin store talekunst fengde han ungdomsflokken.
Seinare vart desse store stemnone årvisse rundt heile Hordafylket.
Fraa andre kantar av landet høyrde ein no gjete den eine stemna etter
den andre. Det var kome fart i arbeidet mest alle stader. Yver heile
Vestlandet vart det liv i ungdomsrørsla. Det var heller ikkje lenge, fyrr
ein tok til å høyra susen av ungdomsreisingi frå dei store austlandsbygder,
frå Sørlandet og Trøndelagen og heilt frå landet der langt mot nord.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free