- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
56

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

56
Lag og fylkingar vart skipa alle stader. Høgskulane, som stod
i’ det næraste samband med denne reisingi, fekk større og rikare
arbeidsmark.
Voss folkehøgskule, som eg kjenner best til, tok til i 1895. Det er
soleis 25 år denne skulen hev vore i arbeid. Det var ikkje mykje stas då
Voss folkehøgskule tok til. Vossabygdi stod kald, og liten studnad var det
å firma. Men vokstergrunnen var der, og dei gjæve såmennene som reiste
denne skulen, sparde seg ikkje. Frå fyrste dag og til no hev eg fylgt
arbeidet på Voss folkehøgskule. Eg hev set desse store, fagre ungdoms
flokkane koma og reisa år etter år. Dei hev kome frå nord og sud, frå
aust og vest. Det hev vore vonfulle ungdomsflokkar. På skulen hev dei
fenge god nøring for nasjonal og sunn kristeleg vokster. Dei fleste av
desse ungdomane hev vorte rudningsmenn i si bygd. Gode tiltak hev
vorte sett i verk. Eit friskare arbeidsliv hev vakse fram i fotefari deira.
Dei hev vorte gjenomglødde av ei sunn og sterk nasjonal ånd, som hev
gjort dei til fyregangsmenn for ungdomsreisingi. Det gjeld difor at dei
frilyndte ungdomsfylkingane og høgskulane vert knytte endå sterkare saman,
so dei karm lyfta arbeidet fram sameint og i flokk.
I 1908 var det ein ny merkedag for ungdomsreisingi. Den store norrøne
stemna vart då haldi på Voss. 100 færøyingar var med. 8 000 menneske
var samla i Prestegardsmoen. Folk sat i ein einaste rus heile ettermiddagen
heilt til kl. 12 um natti. Det var ein stor dag. Kaptein Angell, som var
ein av hovudmennene, reknar denne stemna for noko av det gildaste han
hev upplevt. Og Angell hev set noko av kvart.
Det kunde vera mange slike minningar å nemna. Dei er som solren
ningar, som glitrar og blenkjer i hugen. Det hev elles vore mykje stille
attimillom og nedgangstider med i ungdomsarbeidet. Men so hev ein teke
nye tak, og nye krefter hev støtt kome til. Det hev gjenge som i ein
bylgjegang. Stundom hev det gjenge med frisk bris og med susande liv;
men so hev det kome ei kjøvande stille att med myrkeskodde og vonløyse.
Framgangen hev då likevel vore stor, so ein lyt ha von og tru på framtidi.
Når ein i yver 30 år hev fylgt med i ungdomsrørsla på dei ymse
umkverve, so fær ein ogso ei sterk kjensle av at arbeidet i det store og
heile hev gjenge storleg fram. Tenkjer ein på den fæle motburden og
forfylgjingi og den isande kulden som stod imot den fyrste tid, so må ein
reint undra seg no. Ein karm mest ikkje kjenna seg att.
No møter ein skynsemd alle stader. No er ungdomsrørsla vorti ei
makt, som alle må rekna med. No er det vorte som ein vårdag med
brusande liv og fagnad. No er det som småbekkene, når dei kjem fossande
fram i vill leik.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free