- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
57

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

57
Men no er det ogso ei farleg tid. Aldri hev det vore farlegare enn no.
No gjeld det då å halda ideali høgt. No karm ungdomen få høve til å
prøva seg, um dei karm føra arbeidet og striden fram soleis at det karm
verta til signing både for dei sjølve og for fraintidi.
ANDERS ULLESTÅD.
FRÅ FERDAÅRI MINE
Rasmus Haugsøen.
(Frå ei ungdomsstemne i Grong.)
Minneglytt.
Dei krev, at eg skal yta noko til soga åt Norigs
ungdomslag Og det er vondt å segja plent
nei, — no når det gjeld jubiieumsboki.
Men det vert ingen samanheng i framstellingi.
Eg hev ingen ting skrive upp. Eg lyt difor setja
meg her ved skrivebordet, firma dei elektriske
knappane til sume av minni, trykkja på deim
og få so den eine, og so den andre straumen
sett i gang.
Det vert det som det er lite med, mengd i
hop med det, som det er noko meir med.
Og diverre — eg vert sjølv midtpunktet i
det heile.
Koss det no hadde seg, at det bar ut på viddi
med meg? — Jau, det var nok lærarane ved Sogndals folkehøgskule skuld i
Ein dag medan eg enno var sokneprest, kom det eit fint og velskrive
skriv frå Flugeim, gamlelæraren min. Vil du taka på deg å fara rundt her
på Vestlandet og halda messor i kyrkjone og fyredrag i ungdomslagi, so
vil me no søkja til riksmaktene um å få i stand eit embete til deg i denne
leid. — Hognestad hadde arbeidt i nokre år i Oslo bispedøme med heppa
på dette viset og stod enno i arbeidet der. Leidi var sett. Me laut hava
ein liknande mann på Vestlandet, der målsaki var lengst framme.
Ei stund etter karm eg minnast at saki var komi i hendene på professor
Gjelsvik, då form. i Norigs ul., og det kom nokre skriv frå honom med
kloke planar og framlag. Og endelykti vart, at under den nasjonale vind
som bles like etter unionssprengen, vart verkeleg elt nytt embete sett upp.
På søknad frå ungdomssamskipnader her vestpå gjorde kyrkjeråden Otto
Jensen framlag um løn til ein norskmålstalande prest. Dette var under
den Michelsenske regjering. Og stortinget vedtok framlaget.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free