- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
58

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58
Det var på fyreteljing av andre og under mykje personleg tvil eg sende
søknad um dette embetet.
Og so ein haustdag for eg då burt frå det fyrste og einaste soknekall
eg hev havt i mitt liv.
Eg tenkte eg fekk freista med dette arbeidet til dess ein som høvde betre
enn eg til det, melde seg. Det var no nett ikkje so mange å velja millom, då!
Og eg vart ein farande svein! Hadde nokon då sagt, at eg skulde vera
i dette embetet i 14 år, — eg hadde aldri vilja trudd det. Og det ser so
ut, at eg skal verta hangande ved det
Og no hugsar eg den fyrste messa eg heldt som «målprest» i Bjørgvin.
Apropos: «Målprest». Eg veit ikkje kven som fyrst fann på dette namnet.
Men det vart eit godt nemne fyr motmennene. Det låg ein slik høveleg
klang av noko tvilsamt og rart i det.
Ein «målprest» — sagt med ein liten høveleg geip — gjorde seg godt.
— «Ein prest fyr målet» — liksom ba’alprestane var prestar for guden Ba’al.
Jau, det var ei fin stilling eg hadde fenge! Målet var sjølvsagt «mitt»
evangelium. Det laut ganga framum alt. Evangeliet var nr. tvo. — Det
laut då alle skyna, karm ein vita.
Innan det geistlege stand kunde det då vera spursmål, um eg kunde rek
nast med til rett broder. Det hende nok og, at eg frå den kanten fekk
høyra ordet «stakkar», og at dei totte synd i meg.
Men so møtte eg då og i mang ein prestegard stor skynsemd og velvilje.
— — — Det var i ein prestegard i ein av fjordane. — Der vart det
halde gilde fyr embetsmenn og «kondisjonerte» med fruor i bygdi.
Eg var den einaste som tala norsk og freista då å halda denne leidi i
mi samrøda. Det vart rekna fyr å vera modigt gjort — fekk eg sidan vita.
Seden karm vera svært sterk ofte i slike landsens krinsar. Å brjota han når
ein sjølv var embetsmann — det totte dei, det laut mod til. Og stundom
hev eg då og verkeleg i slikt eit miljø kjent meg som noko burt imot
«den grimme ælling».
Men det var altso den fyrste messa. Eg ser meg sjølv standa der på
stolen i Domkyrkja i Bjørgvin Id. 1 em. ein sundag, — og ho var smikk
full. Hjarta dulpa høgt i bringa. Det var 2dre adventssundag : —og teksten
min var: Vak difyr, fyr me veit ikkje når menneskesonen kjem.
Målfolki var sjølvsagt på beini. Men ogso mange andre skulde av
nyfikna lyda på denne nye ba’als, — nei, målpresten, og høyra, kva det no
kunde verta ut av dette.
Då mælet kom upp, var lampefeberen stroken og gjorde seg vel um til
eit slag energi, som han i hepnaste høve plar gjera.
Eg kom meg då nedatt frå stolen og messa skreid fram på sømeleg vis,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free