- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
64

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

64
vanskar og alle tyngslor. Det er dette synet som har gjeve ei rad av mine
salmetonar deira ljose fargetone, og so attåt farge av norsk natur og norsk
tonekjensle: norskdom og kristendom saman.
Der er nokre einfelde gamle dygder, som det er naudsynt å minna
ungdomen no um, det er dette med truskap, med ansvarskjensle og plikt
kjensle, so ein er heilt å lita på. Det står ikkje alltid bra til med den ting no.
Og synet på arbeidet som ei plage og ei straff må burt. Frå arbeidar
krinsar held det på å siga inn over bondeungdomen med mange stader.
Ungdomen må læra å skyna, at utan arbeidsglede blir det ringe med gleda i
livet. Men det er berre det samvitsfulle arbeid som gjev arbeidsglede. Der
må stå glans for ungdomen av det å vera til gagn for det folk og det land
ein tilhøyrer og gjera byggjande arbeid, so landet kan gå fram. Då får det
simplaste arbeid glans og gjev arbeidsglede til løn, um løna elles ikkje er
so overlag stor.
Men fyrst og fremst treng arbeidarungdomen å skyna dette. Me har i
desse år havt store arbeidsløner, men just millom dei unge arbeidarar har
det vore ringt med aibeidet og arbeidsgleda.
Det er so sårt å tenkja på at arbeidarungdomen er utanfor den rørsla
som Norigs ungdomslag vil skapa og halda uppe i vårt folk. Men me
vonar at ogso denne ungdomen snart må bli med og få høgare ideal enn
dei som no jamt over lyser for han.
Me vonar at dei leidande etterkvart vil sjå at der skal meir til enn
lønsauke og politisk makt for å hevja arbeidarstandet. Der skal kulturvokster
til på sjølveigen grunn, på den norske grunnen som dei har saman med bonden.
Klassetanken, klasseånda lyfter berre eit stykke upp. Arbeidarane må
setja seg høgare mål, dei må lata seg lyfta upp av folketanken, folkeånda,
so dei saman med bondeungdomen kan syngja av fullt hjarta:
Gud signe vårt dyre fedreland".
JAKOB SLETTEN.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free