- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
66

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

66
get frå. I mistru til vårt eige har det vore grumt her i landet ågå skular
i framande land, eller her heime fyrst og fremst å eigna til seg framand kul
tur. Resultatet av dette vert sjeldan det tiltenkte: å forma kulturmenneske,
det vert oftast kulturnarr, for folk flest spenner ikkje so vidt at dei fullt og
heilt karm melta det framande, og åndslivet vert eit lite utstellingsglas med
likt og ulikt samanraspa her og derifrå.
Den nasjonale reisingstanke i alle land byggjer på den livslov at me
som no lever i åndeleg meining og er eit produkt av det liv ættene levde i
farne tider. I stil, i sed og skikk, i tonar og språk har federne late etter
seg det høgmål av kultur dei var nådde fram til, og med kvart me, etterko
marane deira, eignar til oss denne arven, vil me kjenna ættaråndslivet som
slumrar i oss vaknar og veks, og arven vert vårt medvitne eige. Åndslivet
vert ikkje då det vesle utstellingsglaset; for me har funne vegen til lager
romi. «Kvar dal er som ein kistel full av dette skire arvegull» (Vinje), og
småningom går det upp for oss, at me er dalen ; for me ber han alle i vår
barm. Då er norsk mannamilde broti igjenom hjå oss, og me er vortne
norske menneske. So langt skulde alle med vanlege åndsevnor nå; og dette
er og den umissande grunnen for den som lenger når, den som vil lauga
si sjel i solstrålar frå alle himmelstrok. Denne vegen gjekk dei gamle
nordmenn; dei bygde kulturlivet på sitt eige. Dei eigna til seg åndsmat
som var sams for alle kulturfolk, men melta han på norsk måte, og det
dei gav utverdi var norsk i innhald og i form. Norskdomen treng me
kvar einskild til å få retteleg fotefeste i kulturlivet, og me treng han som na
sjon sosant me trur at det norske folket og har ei uppgåve millom folki.
Dette synet må vera hyrnesteinen under den norske kyrkja me skal byg
gja. Sjølvsagt er kristendomen den same åndsutstråling til alle folk; og eg
vil ikkje døma deim, som trur at ei unasjonal kyrkje og karm føra fram
til personleg kristendom; men me veit at kristendomen alle stader tok na
sjonal svip og nytta nasjonale former. Kristus tala sjølv folkemålet. — Ja
det vart set på som straff millom dei gamle folk, at Guds ord skulde koma
til deim på eit framandt mål. Me hugsar frå Jes. 28. «profeten spår fol
ket ei myrk framtid, um det ikkje vender um,» og han trugar: «Ved eit
folk med eit anna tungemål, skal han tala til dette folket». — Kvitsununderet
gjev og framgangsleidi, for det heiter at alle som til stadar var fekk høyra
ordet på eigne tungemål. Likeeins står det, at den lærde Paulus, som nytta
det greske verdsmålet, i ei vand stund greip til heimemålet (Ap. gj .22, 2.
Då dei høyrde at han tala til deim på det hebraiske målet, heldt dei seg endå
meir stille). Millomalderen med latin til kyrkjemål er ei nedgangstid for
kristendomen, som religion for storfjølden. Dette såg Luther, og det fyrste
han gjorde, var å gjeva det tyske folk bibelen på sitt mål, og andre prote

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free