- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
70

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

70

*


Han tala varmt um «dei krefter som vil draga ungdomen, framtidi i
fedralandet, burt frå Kristus, som er den einaste grunnvollen for eit friskt og
vakkert ungdomsliv».
Det er ikkje noko å segja til det. Same talen hev ein høyrt frå preike
stolar. Same ordi hev ein lese i «sundagsordi» i høgrebladi, dit aktor ogso
soknar.
Eg skynar godt kvi aktor tala soleis. Han vilde ha ei innleiding, der
han skulde røra kjenslelivet, få fram ei sentimental stemning.
Men eg trur ikkje eg tek i miss når eg segjer at det tyktest vera meir
deklamasjon enn personleg varme i talen åt aktor. Saki er at han er leigd
til å føra denne saki!*j. Han tala på grunnlag av klagemåli frå sume prestar,
mange emissærar, som stend i samband med kvinnelag for ytre og indre
misjon.
Hadde aktor vore klok, so hadde han ikkje freista få til den personlege
tonen, anna roleg spurt um ikkje prestar, emissærar og misjonskvinnor må
vita kva sann kristendom er, og difor ogso karm avgjera kva som tener og
ikkje tener sann kristendom.
I fall aktor hadde vore klok og tala på den måten, då hadde spursmålet
vorte: er det avgjort at sume prestar, mange emissærar og misjonskvinnor
er høgsterett når det spyrst kva som gagnar vokster av kristendom millom
ungdom? Er det avgjort det? Kunde det ikkje tenkjast at desse kvinnor
og menn veit kva som tener til å fremja ei kristendomsform, som einast
høver for deim sjølve?!
I fall det ikkje karm tenkjast at dei som saksøkjer den frilyndte ungdomen
er klåre yver at det er fleire former for kristendom — likeeins som det er
ulike former i livet, — då er det greidt nok at dei folk må vilja vera høg
sterett i spursmålet um kva som tener kristendom. Men i fall dei hev evne
til å skyna at den kristne sanningi karm ovra seg på fleire måtar, då burde
dei ogso kunna tvila på at deira eigi kristendomsform høver for alle. Dei
kvinnor og menn burde lesa soga åt den kristne religionen. Dei vilde då
læra at kristelege former, sanningar og typor skifter! Dette vilde gjera deim
mindre trongsynte, mindre sjølvgode. Det vilde gjeva deim hjartelag og
skynsemd! Men lesing og tenkning er ikkje prydnaden åt desse folki ! Den
mest synberre logikken karm dei ikkje dessmeir! Dei må læra at våren ikkje er
hausten. Ungdom er ikkje alderdom. Kristendomen må ovra seg onnorleis
hjå ungdom enn hjå alderdom. ... Det er då heller meir enn tvilsamt med
autoriteten hjå desse folk når det gjeld «kristelege spursmål». Men like ille,
ja verre er det når dei vil uttala seg um det frilyndte ungdomsarbeidet!
*) Forsvararen fekk her 25 kronor i bot. Han vedtok, og gjekk vidare i fyredraget sitt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free