- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
71

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

71
Kva kjennskap hev hr. emissær Thomassen, som vitna her, til det! Hev han
vore i noko ungdomslag nokon gong? Hev han vore med i arbeidet?
Kjenner han programmet for den frilyndte ungdomen?
Nei, han gjer ikkje! Hadde han og dei andre havt det minste kjenn
skap til det, so vilde dei visst at den frilyndte ungdomsrørsla ikkje hev gjeve
seg av med å driva kristeleg misjon. Men er det då årsak til å skulda det
frilyndte ungdomsarbeidet for å «hindra sann kristendom millom ungdomen?»
Av di ein ikkje arbeider for ei sak, so arbeider ein vel ikkje i og med
det mot saki?!
Aktor førde prov for skuldingi si. Han tala um ungdomslagi. Han
skildra kor mykje dans og drykk det var på møte, festar og stemnor.
Eg medgjev at den frilyndte ungdomen dansar. Eg medgjev at det karm
vera fulle folk på møti og stemnone. Men karm dette tena som prov for at
det frilyndte ungdomsarbeidet hindrar sann kristendom millom ungdomen?
I fall ungdomsarbeidet hadde til uppgåve å læra ungdomen dansa, då
vore altso det eitt med å hindra sann kristendom ? ! Men i fall det er sant,
då er det mange som hindrar sann kristendom millom ungdom.
I fall ungdomsarbeidet hadde til uppgåve å læra folk drikka, då kunde
aktor fenge eit prov for skuldingi si!
Men so strålande uvitande er han og dei han tener, at dei trur dans og
låk moro er arbeidsuppgåva for ungdomsrørsla!
Men å ha sovori fåkunne um ei sak, og so ganga til åtak på saki, det
er moralsk skamlaust! Korkje meir eller mindre enn moralsk skamlaust!
Eg medgjev at det er einskilde ungdomslag som er å klandra. Det finst
lag der dansen t. d. hev teke yverhand. Dei som styrer med ungdomssam
skipnaden gjer alt for at lagi ikkje på denne måten skal såra tanken åt det
frilyndte ungdomsarbeidet.
Karm hr. emissær Thomassen og fylgjet hans då sjå at den frilyndte ung
domssaki er anna enn arbeid for dans ? ! Ein karm ikkje gjeva Kristus skuldi
av di dei som kallar seg kristne skeiar ut!
Aktor førde fram at det frilyndte ungdomsarbeidet blanda i hop det
«kristelege« og det «verdslege». På den måten fekk ungdomen den trui at
kristendom er ei slik blanding. Dette var til hinders for sann, alvorleg kri
stendom. Han tala hådleg um ungdomsstemnone som byrja med messe og
slutta med dans.
Eg vil her einast få spyrja: vert det mindre til hinders for kristendom,
i fall det ikkje var messe på stemnone? Det tykkjest meg vera lite «kriste
leg» logikk i å vilja ha stemnone berre «verdslege» ! Saki er at det er ei
tvilsam sanning dette um anten berre «verdsleg» eller berre «kristeleg».
Men ei tvilsam sanning karm kallast ei lygn ! Sanningi er at t. d. hr. emis

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free