- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
74

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

74
skræma av pietistar her! Det å ha set idealet og so gjeva upp, det er synd,
stor synd, som hev svære fylgjor.
Den frilyndte ungdomsrørsla hev med arbeidet sitt gjort ungdomslivet
millom norsk ungdom rikare, høgare, finare. Det er eit faktum. Ein talar
seg ikkje gudeleg burt frå det. Dei vitni som vitna her i retten til bate
for ungdomsarbeidet nytta sterke ord i so måte.
Ved å arbeida for nasjonalt-idealistisk åndsliv hev ungdomsrørsla skapt
ein ungdomshug, som ser med dei vakre augo på livet. Den ljose trui,
den takksame kjensla ved det å leva karm ungdomsrørsla skapa i unge tankar
og hjarto . . .
Frå dette veks fram ei livsstemning, ei livskjensle, som er so nær i
samanheng med kristendomen at det fell den frilyndte ungdomen naturleg
å vigsla arbeidet sitt med messe i kristkyrkja.
I samanheng med dette er å nemna: den frilyndte ungdomen hev fenge
tilsett ungdomsprestar i fleire bispedøme. Den frilyndte ungdomen hev vore
mest ihuga når det galdt å få innført Blix-salmane i kyrkjone. Den fri
lyndte ungdomen hev gjort upptak til å få bibelen umsett på norsk.
Finst det då meining i å skulda dette ungdomsarbeidet for å vera til
hinders for sann kristendom ?! ...
Ein vitug emissær sa ein gong til meg at han tykte det var so ille å
klandra det frilyndte ungdomsarbeidet. Ja, det var vitug tale!
t
Eg er takksam for dei fine minni eg hev. Dei er som blanke stjernor
yver livet.
Noko med det vakraste eg hev upplevt er samværet med den frilyndte
ungdomen. Noko med dei vakraste minni eg hev frå kyrkja er samværet der
med den frilyndte ungdomen. Gjev kyrkja må verta slik at ho karm tena
til å vigsla livet. Ikkje einast livet åt hausten. Men livet åt våren, som syng
i frammarsen av den frilyndte ungdomen
Domen: Ikkje skuldig!
HALFDAN FREIHOW.
01 Skogstjerna

*


*


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free