- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
75

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

75
MINNE.
Den Bde november 1903 skreiv eg i dagboki
mi m. a.:
«I byen i går og dansa med 12 par frå Bonde
ungdomslaget, som hev fenge til eit laurdags-skeid
for springdans. Mikkel Mandt er lærar, og gu
tane betalar spelemannen. Eg er kry av å vera
bedi med som den tolvte gjenta».
I kvilestundene freista eg ein ny måte å laga
ringbrot*) på, etter Davidssons bok um islandske
vikivakir. So vil eg no lære deim det storfelde
færøyske «Fuglakvæde». Islendingen Helgi Val-
tysson er med .... han vil lære songdansane
og nasjonaldansane våre og ta dei med til Island,
Hulda Garborg.
der all gamal dans er gløymd. Han kjenner songdansen frå Færøyane og
Færøy-fiskarane på Island, og han tykkjer me her dansa mindre skiftelaust.
Og han meinte som eg, at skal songdansen bli liv laga her, so må me
freiste byggje nytt på gamal grunn. Allvisst den fyrste tidi vil den store
kravfulle Færøy-ringen skræme mange, og ein må gjenom lettare leikar føre
dei til sjølve stordansen, til dei lange episke kvedi.
Dette er det fyrste eg hev i dagboki mi um dansen.
Men alt i 1900 tok eg so smått til å freiste med songdans i Oslo etter
den stutte og lite fullkomne rettleidingi i «Dans og Kvaddiktning på Fær
øerne» av Hjalmar Thuren.
Lammers hadde sunge dei norske folkevisune inn i meg so eg aldri meir
kunde gløyme deim, og då eg av Molkte Moe fekk greide på den dansen
som høyrde med til visune i gamal tid, fekk eg den tanken at ei atterfø
ding av denne dansen snøggare enn alt anna vilde føre visune på folke
tunga att, der dei høyrde heime. No låg dei i biblioteki som ein grav
lagd skatt.
Eg fekk då i hop ein liten ring av unge musikalske Oslo-damur, og
me tok til med «Per spelmann» og «Torstein tala til staven sin». Dei var
lette, men i røyndi slett ikkje rettelege dansevisur. Versi gjekk me til på
Færøy-stegi, men til stevi måtte eg laga «fridans», som det sidan so ofte hev
vorte gjort i andre visur og. Me fekk kvar si vise å syngje; berre i stevi
song alle med. Dette er som me veit den eldste måten.
*) «vrengjeringen» som no er vorten den faste måten i «Ormen Lange» her, men er
ukjend på Færøyane.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0085.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free